Company
Fjaler kommuneApplication deadline
01.11.2020Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3195704Look here for other jobs from Fjaler kommune
- Updated 02.10.2020
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Fjaler kommune
Mellombels stilling som lærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du ein fagleg dyktig pedagog som er god på relasjonar og trivast saman med barn og unge? Då håper vi du les vidare.
Vi har ledig ei mellombels stilling ut skuleåret 2020/21. Fagønskje er primært undervisningskompetanse i KRLE og engelsk for barnetrinnet.
Vi treng den nye tilsette på plass så raskt som mogleg, så tilsetjinga vil skje fortløpande. Ta kontakt om det er noko meir du lurer på angåande stillinga.
Kvalifikasjonar
- Grunnskulelærar 1-7 eller andre med godkjend pedagogisk utdanning
- Ønskjeleg med undervisningskompetanse i KRLE og engelsk for barnetrinnet
- Gjerne erfaring frå nye varierte arbeidsmetodar og skuleutvikling
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Evne til å planlegge, gjennomføre og vurdere ulike opplæringstilbod for elevane
- Vere ein klår og tydeleg klasseleiar
- Gode samarbeidevner, vere initiativrik og fleksibel
- Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samstundes ha eit godt humør
Vi tilbyr
- Løn etter sentralt lønns- og stillingsregulativ
- Eventuelle kontaktlærarar får eit tillegg på kroner 26.000 per år
- Redusert undervisningsplikt for nyutdanna
- Noregs beste pensjonsordning i SPK
- Deltaking i Inkluderande barnehage- og skulemiljø
- Hyggelege kollegaer
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Company
Fjaler kommuneApplication deadline
01.11.2020Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3195704Look here for other jobs from Fjaler kommune
- Updated 02.10.2020