Ledigt jobb

Statistisk sentralbyrå - SSB

Medarbeidar naturrekneskap

Offentlig forvaltning

Vil du vere med å bidra til å utarbeide naturrekneskapen for Noreg?
SSB skal lage arealstatistikk og kartdata som blir grunnlag for naturrekneskapen. Dette gjer vi ved bruk av GIS og geodata. Vi ønsker no å utvide fagmiljøet og kompentansen vår for å imøtekome det aukande behovet på området. 

Vi søker ein ny medarbeidar til området GIS og arealstatistikk. Arbeidsoppgåvene vil vere knytta opp mot naturrekneskapen og arbeid med GIS-analysar. Vi ser etter deg som har kompetanse innan GIS og geodata, og har du i tillegg kunnskap eller erfaring frå arbeid med plandata og konsekvensutgreiingar, er det berre ein fordel. Du må ha interesse for programmering og synes at det er spennande å utforske nye datakjelder og utvikle nye analysar.

Det er viktig at du er sjølvstendig, strukturert og har gode samarbeidseigenskapar. Det er og viktig at du kan tileigne deg ny kompetanse, både fagleg og teknisk. Kan dette være arbeidsoppgaver for deg?


Seksjon for eigedoms-, areal- og primærnæringsstatistikk har vel 30 medarbeidarar med varierte kompetansebakgrunn. Seksjonen har ansvar for å utvikle, produsere og formidle primærstatistikk innan arealstatistikk; eigedomsstatistikk; bustadstatistikk og primærnæringsstatistikk. Utvikling og forvaltningsansvar for SSB-Matrikkel og -grunnbok er lagt til seksjonen. Seksjonen har og ansvar for SSBs interne GIS-ressurssenter, som koordinerer GIS-satsinga og leverer interne og eksterne kurs.

Kvalifikasjoner:

  • Utdanning på mastergradsnivå, gjerne innan GIS, geodata, planlegging, areal, geografi, datavitskap med vidare.
  • Kunnskap om arealplanlegging
  • Gode GIS- og IT-kunnskapar
  • Det er ein klar fordel med erfaring frå programmering i for eksempel R eller Python
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne både på norsk og engelsk
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for krav til utdanning
 

Personlige egenskaper:

  • Pliktoppfyllande og kvalitetsmedviten
  • Har gode samarbeidsevner
  • Systematisk og målretta
  • Analytisk og har god talforståing
  • Fleksibel og har evne til initiativ og nytenkning

 

Vi tilbyr:

  • Løn som førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar (1408/1434/1342) i lønsspenn frå kr. 524 000 til 759 100 etter kvalifikasjonar. Høgare løn kan vurderast for søkarar som er særleg godt kvalifiserte.
  • Gode høve for utvikling, samarbeid og nettverksbygging. Vi har nytilsettprogram, årleg hackathon og arrangement for fagleg deling på tvers.
    Aktive velferds- og idrettsforeiningar, med idrettsaktivitetar som fotball, innebandy og løping.
  • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Treningstilbod med moglegheit for ein time trening i veka, med treningsrom i kontorlokala.
  • Frå sommaren 2025 er mogleg å jobbe i SSB sitt nye bygg ved Kongsvinger stasjon
  • Verdt å merke seg før du søker

 

  • Attestar/vitnemål/karakterutskrift skal registrerast/verte lagde ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Vi ber søkarar som blir kalla inn til intervju om å ta med originalar eller stadfesta kopiar av attestar og vitnemål. Vi utfører kontroll av dokument, og vi gjennomfører bakgrunnsjekk på kvalifiserte søkarar for tilsetjing.
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom den ønska reservasjonen ikkje vert teken til følgje, vil søkaren bli varsla om dette før offentleg søkarliste vert utforma.
  • Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker difor medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Døme på det kan vere tekniske hjelpemiddel, fysisk tilrettelegging eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
  • Vi oppmodar søkarar til å krysse av dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
  • Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst éin søkjar i kvar av desse gruppene bli kalla inn til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie, bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.