Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
18.06.2025Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6244635Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Me søkjer helsesjukepleiar og psykiatrisk sjukepleiar!
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
No har me ledig:
- 100 % prosjektstilling som helsesjukepleiar frå 01.07.25 til 31.03.26
- 40 % fast stilling som psykiatrisk sjukepleiar
I 100 % prosjektstilling som helsesjukepleiar vil du ha hovudfokus på helsestasjonstenester for barn i alderen 0–5 år, med helsefremjande og førebyggjande arbeid i tett samarbeid med foreldre. Prosjektet har som mål å styrke tilbodet til småbarnsfamiliar i kommunen.
Den faste 40 % stillinga som psykiatrisk sjukepleiar inneber oppfølging av barn og føresette med behov for ekstra støtte, samt deltaking i kommunen sitt tverrfaglege team for barn, ungdom og familiestøtte. Du vil vere ein viktig del av det førebyggjande psykiske helsearbeidet i kommunen.
Begge stillingane er retta mot deg som har eit særleg engasjement for små barn og ønskjer å bidra i tverrfagleg innsats for tryggleik og god utvikling i familiar.
Arbeidsoppgåver:
Helseundersøkingar og oppfølging av barn 0–5 år og familiane deira
Samtalar og rettleiing i foreldrerolla
Tidleg identifisering og oppfølging ved bekymring
Bidra inn i det tverrfaglege arbeidet med barn, ungdom og familiar
Samarbeid med barnehagar, fastlegar, barnevern, PPT m.fl.
Dokumentasjon og fagleg utvikling
Reiseverksemd må påreknast
Felles kvalifikasjonar for begge stillingane:
Erfaring frå helsestasjonstenesta og arbeid med små barn og føresette
Gode evner til å byggje relasjonar og skape tillit
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Førarkort klasse B og kunne disponere eigne bil i tenesta
Helsesjukepleiar:
Offentleg godkjenning som sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukepleiar
Dersom ein ikkje får kvalifisert søkar kan ein tilsette sjukepleiar som konsituert helsesjukepleiar i prosjektperioden
Psykiatrisk sjukepleiar:
Sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid
Dersom ein ikkje får kvalifisert søkar, kan sjukepleiar med vidareutdanning i familieterapi, psykisk helsearbeid eller relevant erfaring frå psykisk helsearbeid/psykiatri bli vurdert
Me tilbyr:
Eit utviklingsorientert og sjølvstyrt fagmiljø
Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag
Moglegheit for fagleg utvikling og rettleiing
Gode kollegaer og tverrfagleg samarbeid
Løn etter gjeldande tariffavtale
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
18.06.2025Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6244635Se her for andre jobber fra Sogndal kommune