Ledig stilling

Sogndal kommune

Me søkjer helsesjukepleiar og psykiatrisk sjukepleiar!

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med og styrke tenestetilbodet for dei minste barna og familiane deira i Sogndal kommune?  

 

No har me ledig:

  • 100 % prosjektstilling som helsesjukepleiar frå 01.07.25 til 31.03.26 
  • 40 % fast stilling som psykiatrisk sjukepleiar  

I 100 % prosjektstilling som helsesjukepleiar vil du ha hovudfokus på helsestasjonstenester for barn i alderen 0–5 år, med helsefremjande og førebyggjande arbeid i tett samarbeid med foreldre. Prosjektet har som mål å styrke tilbodet til småbarnsfamiliar i kommunen. 

Den faste 40 % stillinga som psykiatrisk sjukepleiar inneber oppfølging av barn og føresette med behov for ekstra støtte, samt deltaking i kommunen sitt tverrfaglege team for barn, ungdom og familiestøtte. Du vil vere ein viktig del av det førebyggjande psykiske helsearbeidet i kommunen. 

Begge stillingane er retta mot deg som har eit særleg engasjement for små barn og ønskjer å bidra i tverrfagleg innsats for tryggleik og god utvikling i familiar. 


Arbeidsoppgåver:
 

  • Helseundersøkingar og oppfølging av barn 0–5 år og familiane deira 

  • Samtalar og rettleiing i foreldrerolla 

  • Tidleg identifisering og oppfølging ved bekymring 

  • Bidra inn i det tverrfaglege arbeidet med barn, ungdom og familiar 

  • Samarbeid med barnehagar, fastlegar, barnevern, PPT m.fl. 

  • Dokumentasjon og fagleg utvikling 

  • Reiseverksemd må påreknast  

Felles kvalifikasjonar for begge stillingane: 

  • Erfaring frå helsestasjonstenesta og arbeid med små barn og føresette 

  • Gode evner til å byggje relasjonar og skape tillit 

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk 

  • Førarkort klasse B og kunne disponere eigne bil i tenesta

Me søkjer deg som er fagleg trygg, sjølvstendig og raus i møte med familiar. Du trivst med å arbeide i team og ønskjer å bidra til utvikling og kvalitet i tenestene våre.
 

Helsesjukepleiar: 

  • Offentleg godkjenning som sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukepleiar 

  • Dersom ein ikkje får kvalifisert søkar kan ein tilsette sjukepleiar som konsituert helsesjukepleiar i prosjektperioden 

Psykiatrisk sjukepleiar: 

  • Sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid 

  • Dersom ein ikkje får kvalifisert søkar, kan sjukepleiar med vidareutdanning i familieterapi, psykisk helsearbeid eller relevant erfaring frå psykisk helsearbeid/psykiatri bli vurdert 

Me tilbyr: 

  • Eit utviklingsorientert og sjølvstyrt fagmiljø 

  • Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag 

  • Moglegheit for fagleg utvikling og rettleiing 

  • Gode kollegaer og tverrfagleg samarbeid 

  • Løn etter gjeldande tariffavtale 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.  
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.  

Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.