• Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    19.10.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5013, BERGEN
    BERGEN
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6730406
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Vacancy

Fjord1 ASA

Matros i 2:2 turnus 

Ferger

Fjord1 har no ledig stilling som matros i ressursgruppa for våre samband i region Vestland. 

Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 2 veker fri, noko som gir moglegheiter for ein god balanse mellom jobb og fritid. Du vil få fast lønn, gode arbeidsvilkår og 84-timars arbeidsavtale.

I stillinga er må du disponerer eigen bil då arbeidet omfattar teneste på fleire samband på Vestlandet. Fjord1 dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad, etter dei retningslinjene som er fastsette. Du må og vere busett i regionen eller sjølv kunne sørgje for ein stad å bu, då rederiet ikkje tilbyr bustad. 

Som matros i ressursgruppa vil du vere utsjekka på både hovudfartøy og reservefartøy, og du vil tenestegjere på ulike samband etter behov. Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er erfaren, dyktig og trygg i rolla som matros. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk, og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. 

Ønskeleg med oppstart snarest. 

Kvalifikasjoner:

  • Ferdigheitssertifikat matros
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper, muntlig og skriftlig

Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.

Personlige egenskaper:

Vi ser etter ein erfaren, påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid tryggleik og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst. Erfaring fra ferge er ein fordel. 

    Vi tilbyr:

    • Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund.
    • Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
    • Skiftordning: 84t avtale, 2 veke på og 2 veker av.
    • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar.
    • Dekka reisekostnader til og frå arbeid over 15 km, etter dei retningslinjene som er fastsette
    • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
     

    • Company
      Fjord1 ASA
    • Application deadline
      19.10.2026
    • Fulltime/Parttime
      Fulltime
    • Form of employment
      Permanent
    • Industry
      Ferger
    • Educational qualification
      Påkrevet
    • Work experience
      Ønskelig
    • Address
      5013, BERGEN
      BERGEN
    • Number of positions
      1
    • Career-kode
      6730406
    • Look here for other jobs from Fjord1 ASA