• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    18.02.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5561, BOKN
    BOKN
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6520510
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

Matros Arsvågen-Mortavika, pt. MF Stavangerfjord

Ferger

Vil du vere med og bidra til drifta av eitt av Norges største ferjesamband?

Fjord1 har no ei ledig stilling som matros på sambandet Arsvågen - Mortavika, pt. MF Stavangerfjord. 

I denne stillinga jobbar du 2 veker på og 2 veker fri - ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Under arbeidsperiodane bur du om bord, og reise til og frå arbeidsperiode vert dekka av rederiet.

Sambandet er ein sentral del av E39 og ein av dei mest brukte ferjestrekningane i Norge, med høg aktivitet og mange reisande kvar dag. Dette er ein jobb med ansvar og variasjon, der du jobbar i høgt tempo og samarbeider tett med dyktige kollegaer for å halde drifta trygg og effektiv. 

Vi tilbyr gode ordningar og legg til rette for utvikling for deg som ønsker å ta steget vidare.

Oppstart snarest. 

Aktutelle kandidatar blir kontakta fortløpande!

Kvalifikasjoner:

  • Ferdigheitssertifikat matros
  • Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
  • Krise- og passasjerhandteringskurs
  • Ferdighetssertifikat hurtiggåande MOB båt
  • Ferdighetssertifikat IGF Grunnleggande
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Fjord1 dekker manglende kurs for aktuelle kandidatar.

Personlige egenskaper:

Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med tett samarbeid og har fokus på tryggleik og god service. Du bør ha vilje til å lære, stå på når det trengst og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overeinskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Sjømannsforbundet
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
  • Sjøvakt 2 veker på og 2 veker av
  • Ein bur ombord i arbeidsperioden
  • Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode
  • Treningsrom om bord i fartøyet
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar
 

  • Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    18.02.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5561, BOKN
    BOKN
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6520510
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA