• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    31.03.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6216, GEIRANGER
    STRANDA
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6495860
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Ledig stilling

Fjord1 ASA

Sesongmannskap til turistruta på Geirangerfjorden!

Ferger

Drøymer du om ein jobb til sjøs i Noregs vakraste fjord? No har du sjansen!

Vi søkjer overstyrmenn, maskinsjefar, matrosar og cateringmedarbeidarar til fartøya MF Bolsøy og MF Veøy. Ferjene trafikkerer den storslåtte Geirangerfjorden – ein verdsarvfjord kjend for majestetiske fjell og imponerande fossefall.

Behovet er i perioden 1. april til 31. oktober, med turnusordning på 2 veker i arbeid og 2 veker fri - perfekt for deg som ønskjer ein god balanse mellom jobb og fritid. Vi ser etter deg som kan jobbe delar av eller heile perioden – oppgjev i søknaden når du ønskjer å arbeide. 

Som ein del av mannskapet har du ei nøkkelrolle i å sikre trygg og profesjonell drift – samtidig som du bidreg til å skape minneverdige opplevingar for reisande frå heile verda. Her får du ein sesongjobb som kombinerer faglege utfordringar, varierte arbeidsoppgåver, naturopplevingar i verdsklasse og eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer. 

Etter endt engasjement har du moglegheit til å søkje fast stilling - vi har fleire spennande behov og karrieremoglegheiter på andre samband og fartøy. 

Aktuelle kandidatar blir vurderte og tilsette fortløpande.

Kvalifikasjoner:

  • Minimum D3-sertifikat for overstyrmenn
  • Minimum M3-sertifikat for maskinsjef
  • For matros , nødvendig fartstid for å kunne tjenestegjere som matros
  • Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhåndteringskurs
  • Gyldig helseattest

Fjord1 dekker manglande krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.

Personlige egenskaper:

  • Serviceinnstilt
  • Fokus på gode kundeopplevingar
  • Godt humør
  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, ta ansvar og takle hektiske arbeidsdager 
  • God kommunikasjonsevne
  • Fordel å beherske engelsk språk

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst
  • Skiftordning 2 veker på, 2 veker av
  • Ein bur om bord i arbeidsperioden
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spennande arbeidsoppgåver.
  • Moglegheit for fagleg utvikling og vidare karriere innan maritim drift.
 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    31.03.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6216, GEIRANGER
    STRANDA
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6495860
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA