Company
Fjord1 ASAApplication deadline
06.04.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5561, BOKN
BOKN
Number of positions
1Career-kode
6567097Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Matros Arsvågen-Mortavika, pt. MF Boknafjord
Ferger
Fjord1 har no ei ledig stilling som matros i sambandet Arsvågen - Mortavika, pt. MF Boknafjord.
Som matros blir du ein viktig del av drifta om bord, med ansvar for fleire sentrale oppgåver som passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald.
Sambandet er ei viktig del av E39 og ei av dei mest trafikkerte ferjestrekningane i landet. Arbeidsdagen om bord varierer etter trafikk, vêr og drift, og gir ein kvardag som er både allsidig og lærerik. Tempoet er høgt, men oversiktleg og trygt – noko som gjer at du får brukt erfaringa di, lærer mykje nytt og raskt blir trygg på både fartøy og rutinar. Dette gir gode moglegheiter for deg som ønsker å utvikle deg vidare i faget.
I denne stillinga jobbar du 2 veker på og 2 veker fri - ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. I arbeidsperiodane bur du om bord, og reisa til og frå arbeidsperiode vert dekka av rederiet.
Oppstart snarest.
Aktutelle kandidatar blir kontakta fortløpande!
Kvalifikasjoner:
- Ferdigheitssertifikat matros
- Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
- Krise- og passasjerhandteringskurs
- Ferdighetssertifikat hurtiggåande MOB båt
- Ferdighetssertifikat IGF Grunnleggande
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Fjord1 dekker manglende kurs for aktuelle kandidatar.
Personlige egenskaper:
Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med tett samarbeid og har fokus på tryggleik og god service. Du bør ha vilje til å lære, stå på når det trengst og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr:
- Lønn vert gitt etter overeinskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Sjømannsforbundet
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
- Sjøvakt 2 veker på og 2 veker av
- Ein bur ombord i arbeidsperioden
- Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode
- Treningsrom om bord i fartøyet
- Vi tilbyr gode ordningar og legg til rette for utvikling for deg som ønsker å ta steget vidare.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar
Company
Fjord1 ASAApplication deadline
06.04.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5561, BOKN
BOKN
Number of positions
1Career-kode
6567097Look here for other jobs from Fjord1 ASA
-
Ambulerandre matros - Arsvågen-Mortavika
Fjord1 ASA
BOKN -
Sjøvakt 1:2 / 2:4 på Hufthamar-Krokeide
Fjord1 ASA
STOREBØ -
Sesongmannskap til turistruta på Geirangerfjorden!
Fjord1 ASA
GEIRANGER -
Maskinsjef - 2 veker på og 3 veker av
Fjord1 ASA
STORD -
Matros Gjermundshamn - Varaldsøy-Årsnes
Fjord1 ASA
HATLESTRAND