Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
14.01.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6490579Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ål Kommune
Lønnskonsulent
Offentlig forvaltning
Ål kommune søkjer etter ein lønnskonsulent som kan vere med på å styrke laget vårt. I denne rolla vil du jobbe med kommunens lønnsarbeid saman med lønnsansvarleg. Hjå oss vil du bli del av eit dyktig og inkluderande fagmiljø, med HR-leiar som din nærmaste leiar. Vi ser etter ein person med god systemforståing og digital teft som er klar for nye utfordringar og som kan vere med på å utvikle kommunen vår vidare!
Det er ein fordel om du har tidlegare erfaring frå offentleg sektor, men hjå oss vil du få grundig opplæring, og vi oppfordrar difor også nyutdanna til å søkje på stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Registrering og kontroll av lønsdata og tilsetteopplysningar i fagsystem.
- Lønskøyringar, avstemmingar og saksbehandling relatert til lønnsområdet.
- Utvikling og implementering av nye løysingar i fagsystem.
- Digitalisering av oppgåver og utviklingsarbeid for betre prosessar innafor løns- og HR-området.
- Innrapportering til offentlege register med opplysingar om pensjon, A-meldingar, skatt, arbeidsgjevaravgift, PAI og liknande.
- Delta i årsoppgjer.
- Rettleiing og rådgjeving om relevant regelverk.
- Andre oppgåver innan fagområdet, avhengig av kommunen sitt behov.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan økonomi/administrasjon på bachelornivå.
- I spesielle tilfelle kan relevant erfaring kompensere for manglande formell utdanning.
- God digital kompetanse, kjennskap til Visma er ein fordel.
- Det er ein fordel om du har kjennskap til lov- og avtaleverk innan lønsområdet.
- Trivst med å rettleie brukarar med ulik forståing av lønsfaget.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Personlege eigenskapar
- Strukturert: Du tek sjølvstendig ansvar for framdrift, tek initiativ og har høg gjennomføringsevne. Du evnar å halde oversikt og prioritere i ein hektisk arbeidskvardag.
- Service- og brukarorientert: Du er imøtekommande, positiv og løysingsorientert i samhandling med andre.
- Relasjonsbyggjar: Du er positiv og kan samarbeide på tvers av stillingar og nivå i organisasjonen. Du er ei god støtte for kollegaer og bidreg til utvikling av eige team.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Du blir ein del av eit team med fagleg dyktige medarbeidarar.
- Løn- og pensjonsvilkår etter HTA og KLP
- Gunstige lokale tillegg for kompetanse og ansiennitet.
- Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst i Ål kommune gjennom kurs og vidareutdanning.
- Ål kommune deltek i samarbeid med Gol kommune og Hemsedal kommune, og ein vil ha felles kontordag/-ar på Gol.
Søknad og politiattest
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
For meir informasjon, ta gjerne kontakt med oss.
Me ser fram til å høyre frå deg!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
14.01.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6490579Se her for andre jobber fra Ål Kommune
-
Avdelingsleiar 100% fast
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Sjukepleiar ved sjukeheim / Helsesenteret
Ål Kommune
ÅL -
Trainee hos Tersan Havyard: KHMS
Framtidsfylket AS
LEIRVIK I SOGN -
Fast stilling som helsefagarbeidar- avdeling Stugu
Ål Kommune
ÅL -
Trainee hos Nav Økonomiteneste: Økonomi/kommunikasjon/teknologi
Framtidsfylket AS
LEIKANGER