Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
03.12.2022Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4882964Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 19.11.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sunnfjord kommune
Logoped og PP-rådgivarar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
PPT i Sunnfjord kommune er ein spennande arbeidsplass som vil vere i utvikling og vekst framover. Gjennom kompetanseløftet kartlegg kommunen no behovet for spesialpedagogisk kompetanse. PPT utviklar seg i tråd med dette.
PPT består i dag av to tett samarbeidande tenester, PPT og kompetanseteamet. PP-tenesta yt tenester for barn og unge i alderen 0-16 år. PPT er heimla i barnehagelova § 33, og i opplæringslova § 5-6. Kompetanseteamet er ei støtte- og rettleiingsteneste for barn med særlege behov.
PPT held til i rådhuset i Førde. Vi har eit positivt, støttande og kollegialt arbeidsmiljø. Eininga har ei god blanding av eldre og yngre tilsette med spesialiserte utdanningar.
- 100 % fast stilling som Logoped
- 100 % fast stilling som PP-rådgivar
- 100 % vikariat som PP-rådgivar
Stillingane er ledige frå snarast.
Logoped:Arbeidsoppgåver:
- gi logopedtenester til barn og elevar frå 0-16 år
- rettleiing til føresette og tilsette i barnehage og skule
Kvalifikasjonar:
- utdanning som logoped
- kjennskap til kartleggingsverktøy og tiltak
- rettleiingskompetanse
- for søkarar med anna utdanning enn norsk, krevast det språkkunnskapar tilsvarande nivå B2. Dette gjeld ikkje skandinaviske søkarar. Legg ved dokumentasjon til søknaden.
Arbeidsoppgåver:
- system- og individretta arbeid i samsvar med mål for tenesta
- sakkunnig arbeid etter opplæringslova
- konsultasjon, rettleiing og rådgieving til skular
- observasjon, kartlegging og utgreiing av elevar
- samarbeid med føresette, skular og hjelpeapparat
- kompetanse- og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov
Kvalifikasjonar:
- profesjonsstudiet/hovedfag/mastergrad i spesialpedagogikk, psykologi eller innanfor sentrale fagområde for tenesta
- lang og brei erfaring frå arbeid i PP-tenesta kan der søkar vert vurdert som særleg eigna, vege opp for kravet om mastergrad
- ønskeleg med praksis frå arbeid med born og unge med særlege behov i grunnskule, gjerne ungdomstrinn, PP-teneste eller tilsvarande instansar
- relevant test-, utgreiings- og rettleiings- og rådgivingskompetanse
- god norsk språkføring, både munnleg og skriftleg
- for søkarar med anna utdanning enn norsk, krevast det språkkunnskapar tilsvarande nivå B2. Dette gjeld ikkje skandinaviske søkarar. Legg ved dokumentasjon til søknaden.
Vi søker deg som:
- kan dekker sentrale oppgåver for PP-tenesta
- kan skape gode relasjonar til barn, føresette og fagpersonar
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og evne til fleksibilitet
- har evne til å motivere og arbeide målretta, strukturert og effektivt
- kan arbeide i team, og samtidig vere sjølvstendig og målretta
- eit godt, trygt og sosialt arbeidsmiljø
- engasjerte kollegaer
- opplæringsplan for nytilsette
- aamarbeid i team
- deltaking på relevant kompetanseheving og personalsamlingar
- lønn etter avtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
PP-tenesta er i utvikling og endring, og vi vektlegg at søkar er fleksibel i forhold til endring av tenesta.
Søkar må ha sertifikat klasse B då arbeidsområdet er heile Sunnfjord kommune.
Det må leggast fram politiattest før oppstart i stilling.
Velkomen som søkar!
Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
03.12.2022Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4882964Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 19.11.2022