Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Logoped og PP-rådgivarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

PPT i Sunnfjord kommune er ein spennande arbeidsplass som vil vere i utvikling og vekst framover. Gjennom kompetanseløftet kartlegg kommunen no behovet for spesialpedagogisk kompetanse. PPT utviklar seg i tråd med dette.

PPT består i dag av to tett samarbeidande tenester, PPT og kompetanseteamet. PP-tenesta yt tenester for barn og unge i alderen 0-16 år. PPT er heimla i barnehagelova § 33, og i opplæringslova § 5-6. Kompetanseteamet er ei støtte- og rettleiingsteneste for barn med særlege behov.
PPT held til i rådhuset i Førde. Vi har eit positivt, støttande og kollegialt arbeidsmiljø. Eininga har ei god blanding av eldre og yngre tilsette med spesialiserte utdanningar.

Vi har ledig:
  • 100 % fast stilling som Logoped
  • 100 % fast stilling som PP-rådgivar
  • 100 % vikariat som PP-rådgivar

Stillingane er ledige frå snarast.

Logoped:

Arbeidsoppgåver:

  • gi logopedtenester til barn og elevar frå 0-16 år
  • rettleiing til føresette og tilsette i barnehage og skule

Kvalifikasjonar:

  • utdanning som logoped
  • kjennskap til kartleggingsverktøy og tiltak
  • rettleiingskompetanse
  • for søkarar med anna utdanning enn norsk, krevast det språkkunnskapar tilsvarande nivå B2. Dette gjeld ikkje skandinaviske søkarar. Legg ved dokumentasjon til søknaden. 
PP-rådgivar:

Arbeidsoppgåver:

  • system- og individretta arbeid i samsvar med mål for tenesta
  • sakkunnig arbeid etter opplæringslova
  • konsultasjon, rettleiing og rådgieving til skular
  • observasjon, kartlegging og utgreiing av elevar
  • samarbeid med føresette, skular og hjelpeapparat
  • kompetanse- og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov

Kvalifikasjonar:

  • profesjonsstudiet/hovedfag/mastergrad i spesialpedagogikk, psykologi eller innanfor sentrale fagområde for tenesta
  • lang og brei erfaring frå arbeid i PP-tenesta kan der søkar vert vurdert som særleg eigna, vege opp for kravet om mastergrad
  • ønskeleg med praksis frå arbeid med born og unge med særlege behov i grunnskule, gjerne ungdomstrinn, PP-teneste eller tilsvarande instansar
  • relevant test-, utgreiings- og rettleiings- og rådgivingskompetanse
  • god norsk språkføring, både munnleg og skriftleg
  • for søkarar med anna utdanning enn norsk, krevast det språkkunnskapar tilsvarande nivå B2. Dette gjeld ikkje skandinaviske søkarar. Legg ved dokumentasjon til søknaden.

 

Vi søker deg som:
  • kan dekker sentrale oppgåver for PP-tenesta
  • kan skape gode relasjonar til barn, føresette og fagpersonar
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og evne til fleksibilitet
  • har evne til å motivere og arbeide målretta, strukturert og effektivt
  • kan arbeide i team, og samtidig vere sjølvstendig og målretta
Vi kan tilby:
  • eit godt, trygt og sosialt arbeidsmiljø
  • engasjerte kollegaer
  • opplæringsplan for nytilsette
  • aamarbeid i team
  • deltaking på relevant kompetanseheving og personalsamlingar
  • lønn etter avtale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

PP-tenesta er i utvikling og endring, og vi vektlegg at søkar er fleksibel i forhold til endring av tenesta.

Søkar må ha sertifikat klasse B då arbeidsområdet er heile Sunnfjord kommune.  

Det må leggast fram politiattest før oppstart i stilling.

 

Velkomen som søkar!