Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
19.02.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4955594Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 14.01.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Logoped
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
100% fast stilling som LOGOPED
Det kan i tillegg bli andre ledige stillingar.
Har du anna relevant utdanning og erfaring kan ei tilsetting i mellombels stilling som spesialpedagog vurderast.
Sogn pedagogisk psykologisk teneste (PPT) er interkommunal og yter tenester til grunnskular og barnehagar i Sogndal, Luster, Aurland og Vik. Sogn PPT er organisert i to avdelingar, spesialpedagogiske rådgjeving (PPT) og logopedavdeling med utøvande logopedar. Kontoret held til i Sogndal og har 11 tilsette.
Logopedavdelinga jobbar direkte med personar i alle aldrar som har behov for oppfølging frå logoped. Avdelinga har i dag tre logopedar og ein spesialpedagog (190%stilling), og har difor eit godt fagleg fellesskap.
Arbeidsoppgåver:
- Direkte oppfølging av barn og vaksne innanfor dei logopediske områda
- Rettleiing og samarbeid med føresette/pårørande og personale
- Tenesta har ei mobil og ambulerande arbeidsform, slik at ein må rekne med ein del køyring i området vårt
- Utgreiing- og sakkunnig arbeid
- Bidra til kompetanseheving i skular og barnehagar på system- og individnivå
- Bidra aktivt i team- og utviklingsarbeid i eiga teneste
- Samarbeid med andre tenester (PPT, BUP, HABU, Statped)
Kvalifikasjonar:
- Godkjent logopedutdanning på masternivå, eventuelt fordjuping i logopedi (2.avdeling spes.ped)
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Test- og kartleggingskompetanse
- Førarkort klasse B og bil til disposisjon
Personlege eigenskapar:
- Du er ein engasjert og utviklingsorientert fagperson som set barnets beste i fokus
- Du er god på relasjonsbygging, kommunikasjon og samarbeid
- Du kan arbeide effektivt, sjølvstendig og målretta
- Du har høg arbeidskapasitet og taklar arbeidspress
- Du er fleksibel og løysingsorientert i møte med faglege utfordringar
- Du er eit positivt bidrag i arbeidsmiljøet
- Du har evne til å inspirere og motivere andre
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Løn etter avtale
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
19.02.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4955594Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 14.01.2023