• Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    24.05.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3808823
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
  • Updated 10.05.2021
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Øygarden kommune

Logoped 100% fast - PP-tenesta

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Arbeidsoppgåver:

Stillinga er plassert i PP-tenesta, og vil ha ein sentral plass i tenesta sitt arbeid med noko direkte arbeid, rådgjeving til foreldre og tilsette i barnehage/skule, samtaler med barn og unge, og sakkunnig utgreiingsarbeid. Vi legg vekt på å nytta den unike fagkompetansen til kvar enkelt medarbeidar. Satsingsområde og fagprofil er inkluderande pedagogikk og nyare utviklingspsykologi med fokus på relasjonar og samspel, førebygging, tidleg intervensjon og pedagogisk/psykologisk utviklingsarbeid.

Det tverrfaglege arbeidet vert tilrettelagt gjennom ulike samarbeidsorgan og team innan tenesta, og på tvers av tenester. BTI er eit viktig satsingsområde, saman med språkkommunen og Trygg i Fellesskap, TIF. Kontorarbeidsplassen er sentralt i Straumeområdet.

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Logoped/master i logopedi

Ønskjeleg med:

  • lærar- eller førskule-/barnehagelærarbakgrunn

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide fleksibelt, målretta og løysingsorientert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team

Anna:

  • Søkjar må kunne bruka eigen bil i tenesta, og framlegge gyldig politiattest.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    24.05.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3808823
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
  • Updated 10.05.2021