Ledigt jobb

Stavanger Kommune

Leik, læring og lykke - vil du bli vår nye kvardagshelt?

Sjernarøy oppvekstsenter er eit oppvekstsenter med barnehage, skule og SFO. Me har 31 elevar i skulen, 12 barn i SFO og 13 barn i barnehagen. Å jobbe på eit oppvekstsenter er ei unik moglegheit til å få erfaring fra fleire deler av oppvekst- og utdanningssektoren.

Me jobbar i tett samarbeid med skule og SFO, noko som gir gode moglegheiter til eit bredt pedagogisk tilbod og eit større fagmiljø for dei tilsette. Barnehageavdelingen er nyoppussa, og fekk oppgradert uteanlegg i 2022. Me nytter digitale verktøy aktivt i kvardagen. Me ligg tett på natur og sjø, og brukar nærområdet aktivt, anten det er sopptur, setting av hummerteiner, fisking etter stinter, epleslang hjå naboen eller tur til ein bonde. Vårt slagord er: leik, læring og lykke - i ei stor lita verd. 

Me er 12 faste tilsette og søkjer no etter ein ny kvardagshelt - ein tilkallingsvikar!

Før du søker på stillinga ber me deg vurdere reisevegen til Sjernarøy. Skriv gjerne noko om dette i søknaden.

Kvalifikasjoner:

  • Du må vere over 16 år.
  • Personleg eignetheit vil bli tillagt stor vekt.
  • Dersom du har anna morsmål enn norsk/svensk/dansk, må du dokumentere at du har språkferdigheter tilsvarande B1.
  • Kan samarbeide godt med andre.

Ønskjeleg, men ikkje eit krav:

  • Erfaring frå barnehage eller andre område i oppvekst- og utdanningssektoren.
  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
  • Student, for eksempel barnehagelærar, grunnskulelærar, barnevernspedagog, sosionom, vernepleiar m.m. 

Personlige egenskaper:

  • Arbeider sjølvstendig og bidrar til at arbeidsoppgåvene blir løyste på beste måte.
  • Du er hyggeleg og god på å skape og å vedlikehalde sunne og gode relasjonar til elevar, kollegaer og føresette.
  • Du er raus, tålmodig og varm.
  • Du er trygg, sjølvstendig og strukturert i din rolle.
  • Du er robust og taklar eit høgt arbeidstempo med ulike arbeidsoppgåver og utfordringar.

Vi tilbyr:

  • Trygge forhald. Me jobber tett i eit team på 3, og du vil få god opplæring og oppfølging som nytilsett. Ingen nytilsette har tidleg- eller seinvakt åleine den første tida.
  • Glede. Eit engasjerande og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Leik, læring og lykke - som motto og i alt me gjer!
  • Frisk luft. Ein arbeidsstad tett på sjø og natur.
  • UtviklingDu vil få oppgåver som gjer at du utvikler deg, personleg og fagleg.

Lønn:

  • Lønn i samsvar med KS tariffavtale.
  • 1. og 2.årsstudent (i relevant studieretning): årslønn 418 000. 
  • 3. årsstudent (i relevant studieretning): årslønn 444 300.

 

VELKOMMEN SOM SØKJAR PÅ SJERNARØY OPPVEKSTSENTER !