Company
Surnadal kommuneApplication deadline
15.09.2024Form of employment
PermanentIndustry
BrannvesenEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5859047Look here for other jobs from Surnadal kommune
- Updated 28.08.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Surnadal kommune
Leiar ved Surnadal frivilligsentral
Brannvesen
Surnadal kommune er drivar av frivilligsentralen, som ligg plassert sentralt på Skei ved sida av Surnadal kulturhus.
Tilboda våre er m.a: ungdomsklubb, utstyrssentral, aktivitetslokale for lag og organisasjonar, kunst- og hobbyverkstad for barn og unge i samband med høgtider og sommarferie, andre aktivitetar i ferietida. Vi tilbyr gratismåltid til ungdomar etter skuletid.
Surnadal Frivilligsentral tilhøyrer kulturavdelinga i Surnadal kommune og det er f.t 1,4 årsverk og to tilsette.
No ser vi etter deg som er positiv, fagleg engasjert og som brenn for å utvikle tilbodet ved frivilligsentralen.
Arbeidsoppgåvene er dagleg drift og utvikling:
- utvikle frivilligsentralen innafor rammene for drifta i tråd med overordna mål og strategiar bestemt av kommunestyret og styret i frivilligsentralen
- samarbeide og samskape med andre aktørar, både i og utanfor Surnadal kommune
- koordinere frivillig aktivitet og samarbeide med frivillige lag og organisasjonar
- halde nettsida oppdatert og føre kalender over aktiviteten i frivilligsentralen
- skape/initiere aktivitetar
- kalle inn til styremøte og fungere som sekretær for styret
- legge til rette for aktivitet som blir initiert av styret og andre aktuelle samarbeidspartar
- reinhald i lokala
- deltaking i faglege treffpunkt og samarbeid med dei andre avdelingane i kultureininga
- delta i prosjekt saman med tverrfaglege grupperingar i Surnadal kommune, t.d Ungdomssatsinga og følgjetenesta
- vere ansvarleg for frivilligsentralen i SoMe og andre digitale plattformer
- deltaking i regionale og nasjonale nettverkstreff
Arbeidstida vil variere, med både dag, kveld og helg etter behov.
Ønska kvalifikasjonar:
Leiarerfaring frå frivilligsentral eller frå frivillig arbeid
Relevant utdanning for fagområdet
God muntleg og skriftleg framstillingsevne
Eigenskapar vi ser etter:
- positiv og engasjert
- god på å bygge nettverk og får til å samarbeid med andre aktørar, både i og utanfor kommunal sektor
- gode leiareigenskapar og evne til å samarbeide med frivillige på ein inkluderande og engasjert måte
- kan arbeide målretta og strukturert og med god gjennomføringsevne
- kan vere fleksibel og sjå løysingar
Vi kan tilby:
Du får vere med og utforme framtidas frivilligsentral i Surnadal i fine lokale sentralt i Surnadal
Gode mulegheiter for fagleg og personleg utvikling
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsettingsvilkår:
- kommunale tilsettingsvilkår og lønn med utgangspunkt i gjeldande avtaleverk
- du må ha førarkort kl.B og kunne disponere eigen bil
- flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen
- tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart i stillinga
Company
Surnadal kommuneApplication deadline
15.09.2024Form of employment
PermanentIndustry
BrannvesenEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5859047Look here for other jobs from Surnadal kommune
- Updated 28.08.2024