Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
03.07.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5791721Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 22.06.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sunnfjord kommune
Leiar ved frivilligsentralen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Naustdal frivilligsentral treng ny leiar. Vi har ledig ei 100% fast stilling i Aktivitetseininga knytt til Friskliv og frivilligsenteret. Vi er eit team på 6 personar som saman held i og driftar frivilligarbeidet, frisklivssatsinga og anna førebyggjande arbeid i Sunnfjord kommune. Vi samarbeider med fleire kommunale einingar, frivillig sektor, institusjonar og næringsliv. Aktivitetseininga i Sunnfjord kommune har ansvar for Friskliv og frivilligsenter, der dei tre frivilligsentralane i Naustdal, på Sande og i Førde er organisert. Desse tre Frivilligsentralane samarbeider om aktivitetar i alle grender i Sunnfjord kommune.
Vi søker deg som er kreativ og glad i menneske. Du vil få ansvar for Naustdal frivilligsentral og saman med resten av teamet vil du arbeide med aktivitetar, arrangement og ulike prosjekt knytt til frivilligheit i heile Sunnfjord kommune.
Aktivitetseininga har og aktivitetstilbod til vaksne i alle aldrar i Sunnfjord kommune. Aktivitetstilbodet kan gjevast som opplæring, arbeid eller anna type dagaktivitet til menneske som av ulike grunnar har behov for tilrettelegging eller bistand. Vi er i alt 53 positive og engasjerte medarbeidarar som jobbar i eininga fordelt på små og store stillingar i heile kommunen.
Krav til søkar:- høgare helse-/sosialfagleg eller anna relevant høgare utdanning
- god IKT- kompetanse
- gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- godkjent politiattest av ny dato må leggast fram før start i stilling
- førarkort klasse B
- er kontaktsøkjande, uredd, sjølvstendig og initiativrik
- er utviklingsorientert og handlekraftig
- er kreativ og glad i menneske
- er god på å takle eit vidt spenn i oppgåver, er strukturert og flink til å planlegge eigen arbeidskvardag
- har gjennomføringsevne
- er ein lagspelar med fagleg autoritet innan ansvarsområdet
- er engasjert og har evne til å motivere
- utfordrande, varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver
- samarbeid med mange engasjerte menneske i og utanfor kommunen
- lønn etter kommunal tariff
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
03.07.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5791721Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 22.06.2024