• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    15.02.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6504282
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Ledigt jobb

Sogndal kommune

Leiar for vatn og avløp i Sogndal kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me søkjer ein leiar som får ting til å skje, både på papiret, i planverket og i kvardagen. 

I avdelinga for vatn og avløp har me stadig planar, ROS-analysar, rutinar og instruksar som må oppdaterast, skrivast og settast i system.  
 
Likar du struktur, orden og framdrift, og tenker at du kan vere bindeleddet mellom drift, prosjekt, administrasjon og krav frå myndigheitene? Då vil me gjerne snakke med deg. 

Kva kjem du til å jobbe med? 
Det viktigaste er å styre og utvikle det administrative grunnlaget for VA-området, mellom anna: 

  • Oppdatere og revidere planar, analysar, rutinar og dokumentasjon 

  • Koordinere og bestille utgreiingar og faggrunnlag 

  • Følgje opp lovverk, krav, fristar og rapportering 

  • Samhandle med både drift, prosjekt, plan og eksterne aktørar 

  • Sikre god dokumentasjon for både dagleg drift og større satsingar 

  • Bidra inn i planarbeid og kommunale prosessar knytt til VA-området 

  • Skape oversikt: kva manglar, kva må fornyast og kva må prioriterast? 

Kort sagt: Der den som har kontroll på og skapar framdrift i alt som må vere på plass på VA-sida, slik at alle får gjort jobben sin på beste moglege vis. 

Kven passar dette for? 
Me trur du liker å jobbe systematisk, er god på samhandling og finn motivasjon i å skape orden, oversikt og struktur.  
 
Om du har erfaring frå teknisk sektor, planarbeid, administrasjon, prosjektstøtte eller liknande, så er det ein bakgrunn vi finn spennande. 

Det er ein fordelmen ikkje eit krav, om du har kunnskap om VA/anlegg, offentleg forvaltning eller kommunalt planarbeid.  
 
Har du i staden sterk administrativ/planfagleg bakgrunn og lyst til å lære meir om VA, så er det også interessant. 

Me ser gjerne at du har noko av dette, men ikkje nødvendigvis alt: 

  • Erfaring med plan- og dokumentarbeid, koordinering eller prosjektstøtte 

  • Forståing for offentleg forvaltning, krav og prosessar 

  • God skriftleg framstillingsevne på norsk og evne til å hente inn og sy saman faggrunnlag 

  • Erfaring med rapportering, bestilling og oppfølging 

  • VA-kompetanse er eit pluss, ikkje eit absolutt krav 

Formell utdanning er fint, men relevant erfaring kan kompensere. 

Kva får du hjå oss? 

  • Ein jobb der du faktisk gjer ein forskjell for innbyggjarane 

  • Spennande rolle i kryssinga mellom drift, fag, plan og utvikling 

  • Ei avdeling som spelar kvarandre gode og vil ha deg med på laget 

  • Moglegheit til å jobbe både operativt og langsiktig 

  • Varierte dagar: noko papir, noko koordinering, noko tverrfagleg 

  • Ein arbeidskvardag der du kan kombinere karriere med fjord, fjell og god livskvalitet 

Litt formelt:
Vassforsyning er rekna som samfunnskritisk infrastruktur. Søkarar må vere budd på at me vil legge til grunn sikkerheitsmessig  vurdering av aktuelle kandidatar til stillinga. 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller bakgrunn. Me legg til rette for gode arbeidsforhold dersom du har behov for det.  

Det er krav om god norsk skriftleg og munnleg kompetanse. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. 

Alle tilsetjingar skjer med seks månaders prøvetid. 

Høyrest dette ut som noko for deg? 
Har du spørsmål eller vil du slå av ein prat før du søkjer, ta kontakt med kommunalsjef plan og teknisk, Torgeir Bang. 

Me gler oss til å høyre frå deg. 

Anna praktisk info:
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.  

 
Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    15.02.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6504282
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune