• Company
    Kvam Herad
  • Application deadline
    16.08.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Spesiell sertifisering
  • Work experience
    Påkrevet
  • Address
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6663970
  • Look here for other jobs from Kvam Herad
Vacancy

Kvam Herad

Helse og omsorg

Leiar for legetenesta

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du leia og videreutvikla ein av våre viktigaste tenester for innbyggjarane i Kvam?

Me søkjer ein strategisk og engasjert leiar for legetenesta i kommunen og dei kommunale legekontora.

Du vil få ei sentral rolle i å sikra høg kvalitet, god ressursutnytting og heilskaplege legetenester til innbyggjarane våre. Som leiar for legetenesta vil du ha ansvar for å tilretteleggja for eit godt samarbeid mellom fastlegar, øvrig helseteneste og relevante aktørar, samtidig som du bidreg til å styrka tenesta si faglege utvikling. Dette er ein unik moglegheit til å kombinera fagleg dyktigheit med leiing i eit samfunnsnyttig arbeid. 

I Kvam er det tilsett medisinsk fagleg rådgjevar, 12 fastlegar og 2 sjukeheimslegar. Kommunen driv kommunale utekontor i Strandebarm, medan Helsebanken legekontor i Øystese er drive av sjølvstendig næringsdrivande legar. Fastlegar i Øystese og Norheimsund rullerer på å ha kontordagar ved utekontoret. I tillegg har kontora stillingar som helsesekretær og sjukepleiar.

Leiar for legetenesta er óg leiar for fagsjukepleiarane i kommunen. Leiar for legetenesta vil ha eit overordna ansvar for fagutvikling og kvalitetsforbetring i helse og omsorgstenestene i Kvam herad.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Følgja opp nasjonale og lokale retningslinjer, og politiske vedtak
  • Vera ein aktiv bidragsytar for å utvikla samarbeidet mellom fastlegar, øvrige kommunale helsetenester og spesialisthelsetenesta
  • Ansvar for økonomi og budsjett innan legetenesta og legekontor
  • Sørga for effektiv ressursbruk, inkludert bemanningsplanlegging og kompetanseutvikling
  • Bemanningsplanlegging på legekontor og legevakt, inkludert ferieavvikling
  • Stillinga har det overordna ansvaret for kvalitetsarbeid i tenesta. Medisinskfagleg rådgjevar (kommuneoverlege) skal følgja opp kvaliteten i pasientbehandlinga, pasientsikkerheit og sikra etterleving av faglege standardar. Leiar for legetenesta og fagleg rådgjevar må ha eit tett og godt samarbeid når det gjeld kvalitetsarbeid.
  • Arbeida systematisk etter Forskrift om ledelse og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesten
  • Følgja opp krav og tilsyn fra relevante myndigheiter, samt rapportering
  • Leggja til rette for og følgja opp legar i ulike utdanningsløp: LIS1-teneste og spesialiseringsløp innan allmennmedisin (ALIS)

Kvalifikasjonar:

Me søkjer deg som har:

  • Helsefagleg utdanning frå høgskule/universitet
  • Leiarerfaring frå helsesektoren, gjerne frå stilling i kommunal sektor
  • Solid arbeidserfaring frå relevant fagområde
  • Kjennskap til legetenesta er ei føremon
  • Relevant leiarutdanning, t.d. nasjonal helseledarutdanning eller er villig til å gjennomføra leiarutdanning

Personlege eigenskapar:

Som leiar for legetenesta ønskjer me deg som er:

  • målretta, strukturert og ein pådrivar i vidareutvikling
  • nytenkjande, tillitsskapande og har gode samarbeidsevner
  • tydeleg når du formidlar forventningar og når du gir tilbakemeldingar 
  • tilrettelegg for læring og utvikling hos medarbeidarane dine
  • i stand til å skapa oppslutnad om endringar gjennom godt prosessarbeid
  • samlande og opptatt av å skapa gode arbeidsmiljø
  • Du har ein inkluderande leiarstil, er målretta og beslutningsdyktig. Du ser det som ein styrke å be om støtte, råd og innspel frå både kollegaer, støtteapparat, tillitsvalde og medarbeidarar.

Me tilbyr:

  • Ein svært meiningsfull jobb med varierte og spennande arbeidsdagar
  • Høve til å påverka og vera med på å utforma fremtidas helse- og omsorgstenester
  • Faglege og personlege utfordringar i eit raust, kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Gode leiarkollegaer som har fokus på leiing og tverrfagleg samarbeid
  • Lønn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

 Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

 

  • Company
    Kvam Herad
  • Application deadline
    16.08.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Spesiell sertifisering
  • Work experience
    Påkrevet
  • Address
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6663970
  • Look here for other jobs from Kvam Herad