• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    02.12.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6465660
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Ledigt jobb

Sogndal kommune

Leiar for digitalisering og IKT

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med å bygge framtidas digitale Sogndal? 

 
Sogndal kommune har bygd ein solid teknisk grunnmur og jobbar aktivt med brukar- og innbyggjarorientert digitalisering. No skal me ta neste steg: frå tradisjonell IKT-drift til moderne, datadriven og løysingsorientert digital utviklingskraft.  
Dette er ei nøkkelrolle med stort handlingsrom, og du får leie eit kompetent fagmiljø. 

 

Kva du faktisk skal drive med 

Dette er ikkje berre drift og dokument. Dette er utvikling, styring og retning. 

 
Arbeidsoppgåvene: 

  • Jobbe operativt med dagleg drift og rådgjeving 

  • Sikre stabil, trygg og framtidsretta IKT-drift lokalt og i sky 

  • Rigge kommunen for smart og ansvarleg bruk av KI, automasjon og datadeling 

  • Etablere metodikk og kultur for kontinuerleg læring og iterativ leveranse 

  • Sørgje for robust informasjonstryggleik og god identitetshandteringspraksis 

  • Jobbe tett med leiarar, fagmiljø, kollegaer og politisk nivå 

  • Vere aktiv i regionale og nasjonale satsingar og samarbeid 

  • Leie og vidareutvikle eit sterkt fagmiljø innan digitalisering og IKT 

  • Ha økonomiansvar og personalansvar 

 
Kort sagt: du skal vere ein trygg leiar som set retning og har oversikt når me byggjer framtidas digitale kommune. 

 
 
Kven du er 

Du kjenner deg truleg igjen i mykje av dette:  

  • Høgare relevant utdanning (erfaring kan kompensere) 

  • Erfaring med leiing og teknologiretta utviklingsarbeid 

  • Evne til å snakke like godt med utviklarar, driftsfolk og leiarar  

  • Kommuneforståing, eller vilje og evne til å lære det raskt 

  • Flink til å finne balansen mellom standardisering og innovasjon 

  • Trygg på struktur, risikotenking og kommunal organisering 

  • Engasjert i data, tryggleik og arkitektur, men også i menneska og kulturen rundt 

  • Er nysgjerrig og klar for å lære og lære vekk 

 
Du får energi av å skape framdrift og levere verdi, og du likar at ting faktisk fungerer i praksis. 

 
Personlege eigenskapar vert vektlagt.  

 
Kvifor dette kan passe deg 

  • Stor påverknadskraft i ein kommune som vil noko 
  • Moglegheit til å bygge moderne digital kapasitet, ikkje berre forvalte 
  • Tett og godt fagmiljø, både lokalt og i regionen 
  • Fleksible arbeidstidsordningar 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP 
  • Løn etter avtale 

 
Og ikkje minst: Dette er en kjekk jobb. Du får folk rundt deg som vil bidra, utvikle og gjere det bra saman. 

 

Om Sogndal kommune 

Sogndal kommune ligg i hjarta av Sogn, med fjord og fjell rett utanfor kontordøra. Me er regionsenter i Sogn med omlag 12 000 innbyggjarar og rundt 1 300 tilsette. I tillegg er me vertskap for om lag 3 000 studentar gjennom studieåret. Me har ambisjonar om å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med særlege fortrinn innan reiseliv, kompetansemiljø og innovasjon. 

 

Praktisk 

Arbeidsstad: Sogndal kommune 
Stilling: 100%, fast 
Oppstart: snarleg 
Søknadsfrist:  

Kontakt: Elin Henjesand Kvam, konstituert kommunalsjef støttetenester/IKT/Nav 

e-post: elin.henjesand.kvam@sogndal.kommune.no 
tlf: 99286116 

 

 

Søknad sender du via EasyCruit. 
Administrasjonsmålet er nynorsk, prøvetid er seks månader. Vi har offentleg søkjarliste etter regelverket. 

 

Mangfald og inkludering 

Me ynskjer søkjarar med ulik bakgrunn og erfaring. Sogndal kommune jobbar for likestilling og mot diskriminering, og me legg til rette for medarbeidarar som treng det.  
 
Me gler oss til å høyre frå deg! 

 

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    02.12.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6465660
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune