Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
11.10.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6723444Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Leiar for brannberedskap
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sunnfjord Brann og redning har 6 brannstasjonar med omlag 70 deltidstilsette og hovudbrannstasjonen i Førde har dagkasernering. Vi har eit breitt spekter av oppgåver som skapar ein svært spennande og variert arbeidskvardag.
Vi har ledig:- 100 % fast stilling som leiar for brannberedskapen.
Vi søkjer ein trygg og fagleg sterk leiar til ansvar for den operative brannberedskapen.
Du får ansvar for å leie og utvikle beredskapen, følgje opp mannskap, kompetanse, øvingar, utstyr og operative rutinar, og bidra i plan- og analysearbeid knytt til risiko og beredskap.
- administrativ og fagleg leiing av beredskapsavdelinga
- utarbeide, vedlikehalde og kvalitetssikre det operative planverket for brannberedskapen implementere og følgje opp HMS- rutinar
- ta del i leiinga av brannvesenet
- funksjonar som vikar for brannsjef og overordna vakt kan bli lagt til stillinga
- oppfylle kompetansekrava til leiar for beredskapsarbeidet etter brann- og redningsvesenforskrifta, og:
- ha universitets- eller høgskoleutdanning på bachelornivå,
- eller ha kvalifikasjonar som utrykkingsleiar i heiltidsbrannvesen.
- Ein må då vere villig til å gjennomføre naudsynt befalsutdanning ved Brann- og redningsskolen.
- ha relevant leiarerfaring og dokumentert operativ erfaring
- ha gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg
- ha førarkort klasse B
Kurs i overordna vaktberedskap og innsatsleiing må vere gjennomført, eller gjennomførast innan fristen fastsett i forskrifta.
Vi ser etter deg som er tydeleg, strukturert og trygg i leiarrolla. Du må kunne ta gode avgjerder under press, stille krav til kvalitet og tryggleik, og samarbeide godt med medarbeidarar og andre beredskapsaktørar.
Vi søker deg som har:- operativ erfaring frå brann- og redningsvesen
- erfaring med operativ leiing av personell
- god kunnskap om innsatsleiing, beredskapsplanlegging og relevant regelverk
- erfaring med øving, kompetanseutvikling og systematisk HMS-arbeid
- gode datakunnskapar
- ei sentral og samfunnsviktig leiarstilling
- eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø
- varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakas offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
11.10.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6723444Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune