Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
07.02.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6039247Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Leiar for Arealforvalting
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Øygarden kommune skal vere ei aktiv samfunnsutviklar. Ønskjer du å bli ein del av eit team i ein kommune som er kjent for å vere framoverlent og utviklingsorientert? Trivst du i eit miljø med høge forventningar, spennande arbeidsoppgåver og i eit samfunn i stor utvikling, er kanskje dette stillinga for deg.
Våre verdiar:
Stolt - På lag - Modig - Med glød
Om eininga:Eininga Arealforvaltning er ei av 8 einingar organisert under kommunalsjefområdet Samfunnsutvikling. Desse er Plan, Arealforvaltning, Utbygging, Byggforvaltning, Vegforvaltning, Eigedomsutvikling, Reinhald og Kultur. Vi har kontor i kommunehuset på Straume, 15 min frå Bergen sentrum.
Eininga har 3 avdelingar; avdeling for byggesak og landbruk, Avdeling for oppmåling og Avdeling for klage og tilsyn. Kvar av desse avdelingane har ein avdelingsleiar som har delegert fag- og personalansvar. Eininga har ansvar for tenesteproduksjon og oppgåver innan området. Det er 34 årsverk knytt til eininga.
Vi ser etter ein trygg og tydleg leiar som kan vera ein pådrivar for samordning og utvikling av tenesteområdet.
Arbeidsoppgåver;- Medverka til organisasjonsbygging, fag- og kompetanseutvikling
- Initiere og delta i skapande samarbeid og god dialog med eksterne samarbeidspartar
- Vere pådrivar for gode rutinar og systemretta arbeid og effektiv tenesteyting ved bruk av teknologi og digitalisering
- Overordna fag, personal- og økonomiansvar
- Delta i kommunalsjefen si leiargruppe
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
- Relevant utdanning på høgskule eller universitetsnivå
- Erfaring med offentleg forvaltning og plan- og bygningslova
- Leiarerfaring
- God økonomi- og budsjettforståing
- Evne til å byggje relasjonar gjennom involvering og medverknad
- Uttrykke tydelege forventningar, gje støtte, utvikle og inspirere medarbeidarar
- Evne til å arbeide målretta og systematisk
- Handtere høgt arbeidspress og ha evne til å prioritere og delegere
- Vera utviklingsorientert og nysgjerrig på nye arbeidsmåtar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Ha fokus på brukarar og service
- Fleksibel, kreativ og løysingsorientert
- Initiativrik og sjølvstendig
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kommunalsjef Silje Haukedal, 93625320.
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
07.02.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6039247Se her for andre jobber fra Øygarden kommune