• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    31.03.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6096624
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Ledig stilling

Fjord1 ASA

Rekruttering til sjø – Klar for å leie og forme vår kurs?

Ferger

Er du klar for ei spennande utfordring og vil vere med på å utvikle rekrutteringsarbeidet vårt på sjø? I Fjord1 får du moglegheita til å forme rekrutteringsstrategien vår, bygge opp eit heilt nytt team og vere ein viktig pådrivar i vår satsing på grønn og innovativ sjøtransport. Du vil ha ansvar for å utvikle arbeidstidsordningar og lokale tariffavtalar, samt vere ein viktig samarbeidspartner for fagforeningar og tillitsvalgte, og bidra til å utvikle løysningar som møter behova til både selskapet og dei tilsette.

Fjord1 er ein verdsleiande aktør innan det grøne skiftet. Over halvparten av våre fartøy er elektriske, og vi er i gang med å utvikle verdas første sjølvgåande ferjer. Vi er moderne, ambisiøse og langt frå kjedelige! Bransjens største utfordring er rekruttering, og for å rigge oss for å møte denne ser vi no etter ein leiar som kan bidra til å forme HR-strategiar og utvikle ei heilt ny avdeling som vil spele ei sentral rolle i å tiltrekke dei beste talenta til sjø.

Som HR-leiar sjø får du ansvar for mykje meir enn berre rekruttering. Du skal leie eit team, utvikle arbeidsprosesser og skape ein kultur som legg til rette for at Fjord1 skal fortsette å vere ein attraktiv arbeidsgivar for dei beste talenta på sjø. Dette er ei spennande og variert stilling der du får vere med på å byggje noko nytt frå grunnen av, i eit selskap som er leiande på både grøne initiativ og påliteleg transport. Du vil og ha ansvar for å utvikle og forvalte tariffavtalar som er avgjerande for den maritime arbeidsstyrken vår. 

Som leiar for HR-sjø avdelinga vil du:

  • Leie utviklinga av ein heildigital rekrutteringsstrategi for sjø
  • Være ein viktig samarbeidspartnar for fagforeiningar sjø og ansvarleg for utviklinga av arbeidstidsordningar og lokale tariffavtalar
  • Bygge opp og leie eit rekrutteringsteam som skal rekruttere dei beste sjøfolka
  • Skape innovative rekrutteringskampanjar og implementere arbeidsprosesser som møter både dagens og framtidas behov for sjøtilsette
  • Representere arbeidsgjevar i forhandlingar med fagforeiningar sjø
  • Vere med på å utvikle Fjord1 som ein moderne arbeidsgivar som er i front på det grøne skiftet

Du vil rapportere til Driftsdirektør André Høyset

Personlige egenskaper:

Vi ser etter deg som er ein leiar med solid erfaring frå rekruttering og HR-prosessar, og som har evne til å skape gode team og utvikle strategiar som støttar opp under våre ambisiøse mål. Du har erfaring frå utviklingsprosessar og kan drive omstilling med eit langsiktig perspektiv. Du er ein relasjonsbyggjar som skapar tillit, både internt og eksternt, og du har ei evne til å tilpasse deg ulike situasjonar på ein effektiv måte.

Erfaring frå rekruttering i maritime miljø, kjennskap til skipsarbeidarloven og tariffar vil vere ein fordel, men viktigast er at du har ei ekte interesse for sjøtransport og dei grøne og innovative løysingane vi jobbar med. Vi ser etter deg som har ein open, inkluderande leiarstil og som trives med å arbeide strategisk samtidig som du har god kontroll på operasjonelle detaljar.

Du har eit sterkt engasjement for å utvikle både medarbeidarar og organisasjonen, og du er ein pådrivar for ein kultur der trivsel og samarbeid er i høgsetet. Vi trur at du vil vere ein motivert og inspirerande leiar for teamet vårt, og at du vil bidra til å bygge eit HR-miljø som støttar opp om vår visjon og verdiane våre.

Vi verdset mangfald og inkludering

Vi veit at eit mangfald av perspektiv og erfaringar gjer oss sterkare. Vi ønskjer kollegaer med ulike bakgrunnar, kompetansar og livserfaringar, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Våre kontorlokaler er universelt utforma, slik at du kan trivast og jobbe godt uavhengig av behov eller funksjonsevne. Her hos oss handlar det om kva du kan bidra med, ikkje kvar du kjem frå.

Vi tilbyr:

Dette er ein unik moglegheit til å byggje opp ei rekrutteringsavdeling frå grunnen av, og bidra til å bygge eit selskap som ligg i front av det grøne skiftet. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, fleksible arbeidsordningar og ein arbeidsplass der trivsel og fagleg utvikling er i fokus.

Arbeidsstad er på hovedkontoret i Florø, men vi har og kontor i Bergen og i Molde, og teamet ditt vil truleg vere spredt på dei ulike kontora.

 

Lest så langt og kjenner at dette er noko for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Har du ikkje CVen klar? Det går heilt fint, ta kontakt med oss for ein prat uansett!

 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    31.03.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6096624
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA