Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
19.03.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5300, KLEPPESTØ
ASKØY
Antall stillinger
1karriere-kode
6101560Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Er du vår nye overstyrmann for framtidas hurtigbåtar?
Ferger
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan hurtigbåttransport, sentralt i Bergen!
Fjord1 er ein leiande pionér i det grøne skiftet, og skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvenleg ferje- og hurtibåttransport. No utvidar vi hurtigbåtsegmentet vårt med to ombygde fartøy og eit nybygg som skal trafikkere Askøyruta frå Kleppestø, og Nordhordalandsruta frå Knarvik, til Strandkaien i Bergen Sentrum
Fjord1 søkjer no ein overstyrmann som ønskjer å bli ein del av besetninga på sambandet Kleppestø-Strandkaien, og bidra i selskapet si grøne satsing i hurtigbåtnæringa. Fartøy vil vere MS Florvåg, tidlegare MS Tyrhaug, som no er til ombygging til moderne elektrisk drift.
Skiftordning: 11 dagar på og 17 dagar av. Veke 1 av arbeidsperioden: måndag-laurdag. Veke 2 av arbeidsperioden: måndag-fredag.
Med moglegheit til å reise heim etter endt vakt og i helger.
Vi tilbyr hybelordning ved Kleppestø kai i arbeidsperioden.
Dette er ein flott jobb å kombinere med fritid og familieliv!
Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande.
Kvalifikasjoner:
- Minimum D4
- GMDSS/ROC-sertifikat
- Kvalifikasjonsbevis for navigatør på hurtiggåande fartøy
- Sikkerheitskurs iht. kvalifikasjonsforskrifta
- Krise- og passasjerhandteringskurs
- Gyldig helseerklæring
Fjord1 dekker manglande hurtigbåtkurs og krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar.
Personlige egenskaper:
- Ansvarleg og sjølvstendig
- Fleksibel og løysingsorientert
- Godt humør og serviceinnstilt
- Evne til å arbeide i team, med gode kommunikasjonsevner
- Ønskje om å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar
Vi tilbyr:
- Ein flott arbeidskvardag i eit toppmoderne og framtidsretta miljø
- Forutsigbar turnusordning, som kan kombinerast med familieliv og fritid
- Konkurransedyktig løn etter overeinskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollegaer
- Gode velferdsordningar som mulegheita for å leige hytter og leiligheiter, og gode rabattordningar.
Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
19.03.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5300, KLEPPESTØ
ASKØY
Antall stillinger
1karriere-kode
6101560Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA