• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    03.04.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6099065
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Ledig stilling

Fjord1 ASA

Vil du jobbe med teknologi som formar framtidas ferjedrift?

Ferger

Fjord1 er verdsleiande innan miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport og ein viktig aktør i det grøne skiftet. Vi elektrifiserar norske fjordar med verdas fremste teknologi og set nye standardar for berekraftig transport. No søkjer vi ein ny medarbeidar for å sikre optimal drift og vidareutvikling av vårt vedlikehalds- og logistikksystem, vi ser no etter ein engasjert og løysingsorientert prosjektingeniør vedlikehald.

Som prosjektingeniør blir du ein del av teknisk stab for vedlikehald i den tekniske driftsavdelinga. Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø der samarbeid, trivsel og fagleg utvikling står i sentrum. Hos oss blir du del av eit inkluderande og støttande team der kompetansedeling og kontinuerleg læring er ein naturleg del av arbeidskvardagen. Vi trur at eit sterkt fagmiljø og godt samarbeid er nøkkelen til å lukkast – både som enkeltperson og som selskap.

I denne stillinga får du ei sentral rolle i å optimalisere og vidareutvikle våre vedlikehaldssystem, som er avgjerande for vår operasjonelle suksess. Du vil få høve til å jobbe sjølvstendig med spanande utfordringar, samtidig som du samarbeider tett med dyktige kollegaer om framtidsretta prosjekt. Gjennom tverrfagleg samarbeid får du innsikt i ulike delar av organisasjonen og moglegheit til å påverke og utvikle effektive vedlikehaldsløysingar.

Noko reiseaktivitet må påreknast.

Kvalifikasjoner:

Vi søkjer deg som er engasjert og kunnskapsrik, og som har erfaring frå vedlikehaldssystem eller maritim drift. Relevant høgare utdanning, gjerne innan maritim drift eller teknisk fagskule, er ønskjeleg, men erfaring kan kompensere for formell utdanning. Du har gode IT-kunnskapar og kommuniserer godt på norsk, både skriftleg og munnleg. Gode engelskkunnskapar er òg eit pluss.

Om du har ei systematisk tilnærming, likar å finne gode løysingar og trivs med å samarbeide for felles mål, kan dette vere stillinga for deg!

Vi tilbyr:

Bli ein del av eit selskap som går føre i det grøne skiftet! Du vil bli ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, der samarbeid og trivsel er viktige element. Våre dyktige kollegaer er engasjerte i å skape innovative og berekraftige løysingar, og du vil ha gode moglegheiter til både fagleg og personleg utvikling gjennom kompetanseheving og nye utfordringar. Vi tilbyr også fleksible arbeidsordningar som gir deg høve til å tilpasse arbeidstida etter dine behov. Vidare kan du nyte godt av våre gode velferdsordningar som bidrar til balanse mellom jobb og fritid.

Vil du vere med på å elektrifisere norske fjordar og utvikle framtidas teknologi? Vi ser fram til å høyre frå deg!

 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    03.04.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6099065
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA