Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
10.11.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5924598Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 18.10.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Fjaler kommune
Lege i Jakob Sande sitt rike?
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ønskjer du å jobbe som fastlege i Fjaler kommune? Vi har ledig to fastlegeheimlar, der kommunale oppgåver som sjukeheimslege og lege helsestasjon vil være ein del av stillingane.
Vi ønskjer dialog med deg for å kartlegge kva ønskjer og forventningar du har knytt til tilsettingsforhold, listestørrelse, offentlege legeoppgåver og andre vilkår for stillinga slik at ein i størst mogeleg grad kan skreddarsy denne til det du ser for deg.
- Lege som er spesialist i allmennmedisin eller på veg til dette
- Lege som kan tenke seg å starte forløpet mot spesialisering i allmennmedisin (LIS3) (ALIS-stilling). Kommunen er registrert som utdanningsstad for dette.
- Lege som er under LIS1-løp eller ferdig med dette, og som kan tenke seg ein prøveperiode for å finne ut om allmennpraksis kan vere noko å satse på framover.
Fjaler kommune har tre fastlegeheimlar, fast LIS1 lege og kommuneoverlegefunksjon i interkommunalt samarbeid. Legekontoret held i dag til ved sjukeheimen, men nye lokalitetar er i prosess i eige bygg.
Fjaler er ein mindre kommune med tettstaden Dale som kommunesenter. Kommunen ligg flott til langs Dalsfjorden omkransa av majestetiske fjell og her finn ein eit rikt kulturliv. Kommunen har felles bu- og arbeidsregion med Førde som ligg rundt 40 km borte. I Førde ligg Sentralsjukehus med ei stor interkommunal legevakt som gjer at vaktbelastninga blir på eit nivå som ein sjølv kan vere med på å regulere. Arbeidsmogelegheiter for evt. partnar er difor også gode.
Ønskjer du meir informasjon om stillinga kan du kontakte leiar for helseteneste Heidi Roos.
- Autorisasjon som lege
- Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
- Ein vil legge vekt på at personen er egna til stillinga
- Førarkort kl. B
- Godkjent politiattest
Vi ønskjer at legar som ikkje er spesialist i allmennmedisin, fullfører spesialisering etter tilsetjing. Arbeidsgjevar stillar med rettleiar og dekker kurs og andre utgifter til spesialisering i allmennmedisin.
- Fastlegen skal gi allmennlegetenester til innbyggjarar på si fastlegeliste i kontoret si opningstid, og vil også delta i kommunen si interkommunale legevaktsordning
- Stillingane må dekke kommunale oppgåver som tilsynslege sjukeheim og helsestasjonslege
- Bidra til god samhandling mellom den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta
- Gode samarbeidsevner
- God på kommunikasjon og rettleiing
- Fleksibel
- Strukturert, ansvarsbevisst og sjølvstendig
- Tilsetjingsforhold og løn etter individuell avtale
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak av offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål til stillinga, arbeidsoppgåvene eller vil vite meir om kva vi jobbar med. Vi ser fram til å høyre frå deg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
10.11.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5924598Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 18.10.2024