• Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    29.04.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6172203
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
Vacancy

Fjaler kommune

Ledige lærarstillingar på Dingemoen skule og Våge skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledige lærarstillingar, både faste og vikariat, med oppstart i august 2025 på Dingemoen skule og Våge skule.

Dingemoen skule er ein 1- 10- skule med rundt 260 elevar og ca. 55 tilsette. For fire år sidan flytta vi inn i ny 1- 10- skulen i Dale. Her har elevar og tilsette fått ein flott arbeidsplass.

Våge skule er ein barne- og ungdomsskule som ligg fint til ytst i Fjaler. Skulen har rundt 40 elevar. Barneskulen er todelt og ungdomssteget todelt. Det er 18 tilsette på Våge skule.

Vi har følgande ledige stillingar frå august 2025:
  • Dingemoen skule har ledig to 100 % vikariat som grunnskulelærar på avdeling 8-10 for skuleåret 2025/2026. Kontaktlæraransvar må påreknast. Fagynskje er primært norsk og engelsk, elles øvrige fag som samfunnsfag, kroppsøving, krle og naturfag. Det kan òg kome fleire vikariat ved Dingemoen skule.
  • Våge skule har ledig ei 100 % fast stilling for grunnskulelærar. Kontaktlæraransvar må påreknast.

Ta gjerne kontakt for å få meir informasjon om stillingane og arbeidsplassane. Vi ser fram til å høyre frå deg.

Kvalifikasjonar
  • Grunnskulelærar eller spesialpedagog 1- 7 eller 5- 10. Andre med godkjend pedagogisk lærarutdanning kan òg søkje.
  • Dingemoen skule 8-10: Fagkombinasjon engelsk og norsk
  • Gode kunnskapar, både fagleg og didaktisk, Gjerne erfaring frå nye varierte arbeidsmetodar og skuleutvikling
  • God på tilpassa opplæring for den einskilde elev
  • Gode IKT- kunnskapar.
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest

Personlege eigenskapar
  • Tydeleg og motiverande i klasseleiing, relasjonsbygging og elevhandtering.
  • Evne til å skape trygge og gode relasjonar til elevane
  • Evne til å planlegge, gjennomføre og vurdere ulike opplæringstilbod for elevane
  • Gode samarbeidsevner, initiativrik og fleksibel
  • Evne til å setje seg inn i og endre praksis i tråd med fagfornyinga
  • Kunne delta i fagleg utviklingsarbeid i ein travel kvardag

Det blir lagt stor vekt på om ein er personleg eigna for stillingane.

Vi tilbyr
  • Løn etter utdanning og ansiennitet
  • Eventuelle kontaktlærarar får eit tillegg på kroner 34.000 per år
  • Redusert undervisningsplikt for nyutdanna
  • Noregs beste pensjonsordning i SPK
  • Godt arbeidsmiljø og hyggelege kollegaer
  • Mentorordning for nyutdanna

 

Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.

 

 

  • Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    29.04.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6172203
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune