• Bedrift
    Rauma kommune
  • Søknadsfrist
    20.03.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6300, ÅNDALSNES
    RAUMA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5015935
  • Se her for andre jobber fra Rauma kommune
  • Oppdatert 04.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Rauma kommune

Ledig vikariat som lærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Stilling
Åfarnes skole har ledig eit vikariat som lærar i 100% stilling. Stillinga er ledig frå dags dato og ut skoleåret. Det vil vere moglegheiter for forlenging av stillinga.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning 1.-7.trinn (avhengig av kompetanse/erfaring).
  • Kontaktlæraransvar må påreknast.

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent pedagogisk utdanning.
  • Ønske om brei kompetanse i basisfaga norsk, matematikk og engelsk.
  • Ønske om spesialpedagogisk kompetanse/erfaring.
  • God digital kompetanse og god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Relevant erfaring er ønskeleg.

Søkjarar med anna utdanning kan bli vurderte for stillinga.

Personlege eigenskapar:

  • Du har evne til å planleggje, arbeide strukturert og sjølvstendig.
  • Du evner å skape gode relasjonar til elevar , føresette og kollegaer.
  • Du jobbar godt i team, og er lojal til felles avgjerder.
  • Du har stor arbeidskapasitet, evne til å fokusere, og arbeider for eit godt læringsmiljø med fagleg utbytte for alle.
  • Du har erfaring med bruk av digitale verktøy i undervisninga, og tek i bruk skolens digitale moglegheiter og løysingar for å fremje elevane si læring.
  • Du tenker positivt, har godt humør og likar å jobbe med menneske i alle aldrar.
  • Du bidreg og stimulerer til utvikling av organisasjonen i sin heilskap.
  • Du er tydeleg og omgjengeleg i din kommunikasjon, både internt på skolen og eksternt ovanfor våre samarbeidspartnarar.

Tilsetting
Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Avlønning etter sentral Hovudtariffavtale ut frå kvalifikasjonar og ansiennitet. 

Politiattest
Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jfr. Opplæringslova § 10-9 og forskrift § 15. 

Søknad 
Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing: https://www.rauma.kommune.no/om-kommunen/ledige-stillinger/sokerveiledning/ eller personal@rauma.kommune.no. 
Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer/oppdaterer CV`en med utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.

Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.

 

 

  • Bedrift
    Rauma kommune
  • Søknadsfrist
    20.03.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6300, ÅNDALSNES
    RAUMA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5015935
  • Se her for andre jobber fra Rauma kommune
  • Oppdatert 04.03.2023