Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
07.07.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5791704Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Fjaler kommune
Ledig to faste stillingar som pedagogisk leiar i Flekke barnehage og Våge barnehage
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du genuint opptatt av barn si utvikling og oppvekst? Vi ser no etter barnehagelærar til to av barnehagane i Fjaler kommune i 100 % faste stillingar.
- Flekke barnehage har ledig stilling for ein barnehagelærar som vil vere pedagogisk leiar i barnehagen, samt jobbe i SFO på skulen. Flekke barnehage er samlokalisert med skulen. Barnetalet aukar og vi har no tre avdelingar. Vi ser etter ein pedagogisk leiar som vil jobbe ca.70 % i barnehagen og ca. 30 % på skulefritidsordninga.
- Våge barnehage søkjer etter pedagogisk leiar til å leie ein av våre to avdelingar i barnehagen. Våge barnehage ligg ytst i Fjaler kommune, vi har ein ny fin barnehage med ca. 20 barn.
Skriv i søknadsteksten kva barnehage du vil jobbe i og ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål om stillingane eller arbeidsplassane. Vi høyrer i frå deg med glede!
Som pedagogisk leiar vil du ha arbeidsoppgåver der du brukar din faglege, pedagogiske og etiske kompetanse for å skape ei ramme der barn kjenner seg som ein del av eit fellesskap; ei ramme der barn får utvikle seg og oppleve meistring. Du vil ha ansvar for å rettleie medarbeidarane på avdelinga di og sjå til at barnehagelova og rammeplan vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på avdelinga.
Kvalifikasjonar- Barnehagelærar eller annan relevant treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå
- Fagarbeidar som barne- og ungdomsarbeidar kan og søkje og vil verte vurdert tilsett mellombels dersom vi ikkje får tak i høgskuleutdanna søkjarar
- Gode norskkunnskapar
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
- Har godt samspel med barn og vaksne
- Du må like å arbeide med barn, og vere ein tydeleg vaksen
- Kunne arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- Greie å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
Vi vektlegg at ein er personleg eigna til stillinga
Vi tilbyr- Ein variert og kjekk kvardag
- Introduksjonsprogram for nytilsette
- Godt arbeidsmiljø med med fin aldersblanding i kollegiet
- Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Du får vere saman med flotte barn kvar dag
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
07.07.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5791704Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
-
Ledig 100 % vikariat for lærar eller fagarbeidar på Våge skule
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Lærarar til Våge skule og Flekke skule - to 100 % faste stillingar
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Pedagogisk leiar
Vestnes kommune
VESTNES -
Pedagogisk leiar
Sula kommune
LANGEVÅG -
Tilkallingsvikar
Vestnes kommune
VESTNES