Questions are directed to

Øyvind Svartveit
tlf: 45411210

Indre Hordaland Kraftnett AS

Ledig stilling som Energimontør hjå Indre Hordaland KraftNett AS

Ledig stilling som Energimontør hjå Indre Hordaland KraftNett AS

Kraftproduksjon

Me er eit nettselskap som opererer i kommunane Ullensvang (gamle Ullensvang herad og Jondal), Eidfjord, Ulvik og deler av Voss (gamle Granvin kommune). Grunna naturleg avgang og tilsette som søkjer nye utfordringar er det ledig stilling som energimontør hjå oss.

Arbeidsstad: Primært Jondal og vestsida av Sørfjorden (Oppmøtestad vil variere i tråd med arbeidsoppgåver).

 

Arbeidsoppgåver:

  • Bygging, drift og vedlikehald av høg- og lågspenningsanlegg  
  • Linjearbeid, kabelarbeid og stasjonsarbeid  
  • Feilsøking og reparasjon av elektriske anlegg  
  • Delta i beredskapsordning  
  • Sikre at arbeidet vert utført i samsvar med HMS-krav og gjeldande regelverk 

Kvalifikasjonar: 

  • Fagbrev som energimontør (eller tilsvarande)  
  • Erfaring frå arbeid med høgspent og/eller lågspent anlegg er ein fordel  
  • Førarkort klasse B (BE er ein fordel)  
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar: 

  • Ansvarsmedviten og nøyaktig  
  • Gode samarbeidsevner og positiv innstilling  
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team  
  • Fleksibel og løysingsorientert 

Me tilbyr: 

  • Ein spennande og variert arbeidskvardag  
  • Konkurransedyktige vilkår  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer  
  • Moglegheiter for fagleg utvikling og kurs

Er du klar for å ta fatt på ein spennande karriere innanfor energibransjen?

Spørsmål rundt stillinga kan rettast til:

Øyvind Svartveit, oyvind.svartveit@ihk.no • Tlf: 45411210 

Eller  Geir Utne, geir.utne@ihk.no • Tlf: 90790220 

Send søknad og CV til post@ihk.no innan 15. mai 2026. 


 

Questions are directed to

Øyvind Svartveit
tlf: 45411210