• Company
    Tersan Havyard
  • Application deadline
    As soon as possible
  • Position function
    Elektromontør / automatikar
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Skipsbyggerier og -verft
  • Educational qualification
    Fag- / Svennebrev
  • Work experience
    Kjennskap / erfaring frå maritimbransje, eller samanliknbar industri, vil vere ein fordel
  • Desired language
    Engelsk, Norsk
  • Address
    6953, LEIRVIK I SOGN
    HYLLESTAD
    Norway
  • Number of positions
    5
  • Career-kode
    6380822
  • Look here for other jobs from Tersan Havyard
Vacancy

Tersan Havyard

Vil du vere med og byggje framtidas skip?

Elektromontør og automatikar – Tersan Havyard

Skipsbyggerier og -verft

Tersan Havyard driv med nybygg, ombygging, service og vedlikehald av alle typar fartøy frå vår sentrale plassering ytst i Sognefjorden. Vi har moderne fasilitetar, høg kompetanse og over 100 års erfaring innan skipsbygging.

Vi har stor aktivitet og ei solid ordrebok. No søker vi dyktige elektromonørar og autoiatikarar til spennande prosjekt på verftet i Leirvik.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Installasjon, trekking og terminering av kablar om bord i skip
  • Montering av tavler, fordelingsskap, instrument og elektrisk utstyr
  • Testing og idriftsetting av elektriske anlegg
  • Feilsøking, reparasjon og vedlikehald av system om bord
  • Samarbeid med andre faggrupper for å sikre effektiv framdrift
  • Bidra til kvalitet, HMS og god dokumentasjon i prosjektgjennomføringa

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som elektrikar / elektromontør (elektrikarfaget, automatikarfaget eller tilsvarande)
  • Erfaring frå skipsbygging, industri eller offshore er ein fordel
  • Evne til å lese og forstå elektro-teikningar og skjema
  • Kjennskap til relevante forskrifter og regelverk (FEL, NEK, DNV, IEC) er ønskjeleg
  • Gode datakunnskapar og erfaring med bruk av digitale arbeidsverktøy

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert, løysingsorientert og nøyaktig i arbeidet
  • Gode samarbeidsevner og evne til å bidra positivt i team
  • Fokus på HMS og kvalitet
  • Fleksibel og arbeidsvillig – med lyst til å lære nye ting

Vi tilbyr:

  • Spennande og varierte prosjekt i eit framtidsretta skipsverft
  • Moderne fasilitetar og eit sterkt fagmiljø
  • Moglegheiter for utvikling og spesialisering innan maritim elektro
  • Konkurransedyktige vilkår og gode arbeidsforhold

Arbeidsstad: Leirvik i Hyllestad

Stillinga rapporterer til: Teamleiar Elektro

For meir informasjon om stillinga ta kontakt med Teamleiar Elektro; 

Elisabeth Langeland  919 94 516

Passar ikkje denne stillinga for deg, men du har likevel lyst å bli ein del av Tersan Havyard? Vi er alltid på jakt etter ny og spanande kompetanse, også dei med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne ein open søknad!

Les meir om Tersan her: https://www.tersanhavyard.no/

Nysgjerrig på å bu og jobbe i Hyllestad? ta ein titt her: https://www.hyllestadinfo.no/

 

  • Company
    Tersan Havyard
  • Application deadline
    As soon as possible
  • Position function
    Elektromontør / automatikar
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Skipsbyggerier og -verft
  • Educational qualification
    Fag- / Svennebrev
  • Work experience
    Kjennskap / erfaring frå maritimbransje, eller samanliknbar industri, vil vere ein fordel
  • Desired language
    Engelsk, Norsk
  • Address
    6953, LEIRVIK I SOGN
    HYLLESTAD
    Norway
  • Number of positions
    5
  • Career-kode
    6380822
  • Look here for other jobs from Tersan Havyard