• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    22.06.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6647366
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Ledig stilling

Fjaler kommune

Ledig stilling 100 % fast stilling som sjukepleiar ved Fjaler Legekontor

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere ein viktig del av eit engasjert team som set pasienten først – og samtidig bu i ein av dei vakraste bygdene på Vestlandet? Fjaler Legekontor søkjer no ein dyktig sjukepleiar til 100 % fast stilling, ledig frå 01.09.26. Vi tilbyr eit triveleg, inkluderande og fagleg utfordrande miljø, der du får moglegheit til å gjere ein forskjell kvar dag. 

Fjaler legekontor held i dag til i eigne lokale ved Fjaler Helsetun, men vil ved årsskiftet flytte inn i nye, moderne og romslege fasilitetar ved Fjaler Helsehus- eit flott helsebygg midt i Dale Sentrum. Ved Fjaler Legekontor vil du jobbe saman med to andre sjukepleiarar, samt tre legar og ein turnuslege.

Arbeidsoppgåver: 
  • Mottak og oppfølging av pasientar, både fysisk og via telefon.
  • Blodprøvetaking, vaksinasjonar og mindre sårstell. 
  • Administrativt arbeid, inkl. pasientjournalar og timebøker. 
  • Prosedyrearbeid og nært samarbeid med lege og anna helsepersonell. 

Kvalifikasjonar 
  • Autorisert sjukepleiar.
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og muntleg. 
  • Gode IKT kunnskapar. 
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjent politiattest og tuberkulinerklæring.
  • Beherskar engelsk på eit grunnleggande nivå.
  • Fordel med erfaring frå legekontor eller liknande. 

Vi vektlegg at ein er personleg eigna for stillinga.

Vi ser etter deg som:  
  • Er empatisk, serviceinnstilt og har gode kommunikasjonsferdigheiter. 
  • Er strukturert, ansvarsbevisst og fleksibel i ein hektisk kvardag.
  • Løysingsorientert.
  • Bidrar til godt samarbeid og trivsel på arbeidsplassen.

Vi tilbyr:
  • Løn etter utdanning og erfaring. 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar. 
  • Faglege utviklingsmoglegheiter og tett samarbeid med lege og kollegaer.  
  • Ein inkluderande arbeidsplass der ditt engasjement og bidrag blir verdsett.

Kvifor velje Fjaler og Dale? 

Fjaler kommune kombinerer idyllisk natur med eit aktivt lokalsamfunn. Her har du kort veg til både fjell, fjord og friluftsliv, samtidig som Dale sentrum tilbyr butikkar, kaféar og kulturelle tilbod. Dette er staden for deg som ynskjer å kombinere fagleg utvikling med høg livskvalitet. 

Vi ser fram til å høyre frå akkurat deg! 

Offentleg søkjarliste:

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. 

 

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    22.06.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6647366
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune