Ledigt jobb

Øygarden kommune

Ledig fastlegeheimel

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune har ledig fastlegeheimel for sjølvstendig næringsdrivande fastlege ved Ågotnes legekontor. 
Om legekontoret 

Ågotnes legekontor er eit moderne og godt utstyrt legekontor med fem fastlegar og dyktige helsesekretærarKontoret ligg sentralt på Ågotnes, om lag 30 minuttar med bil frå Bergen sentrum. 
Vi legg stor vekt på godt kollegialt samarbeid, fagleg utvikling og eit trygt arbeidsmiljø. Kontoret nyttar Infodoc-journalsystem og har etablerte rutinar for drift, økonomi og kvalitetsarbeid. 

Om fastlegeheimelen 
  • Storleik på heimelen: 1 150 listepasientar 

  • Organisering: Sjølvstendig næringsdrivande etter fastlegeforskrifta 

  • Tiltreding: 1. august 2026 eller etter avtale 

Det kan leggjast til rette for: 
  • ALIS-løp 

  • Gradvis oppbygging eller reduksjon av pasientlista 

Arbeidsoppgåver 
  • Kurativ allmennlegeverksemd som fastlege 

  • Listeansvar for eigne pasientar 

  • Kollegial fråversdekning saman med dei andre legane på kontoret 

  • Deltaking i kommunal legevakt dersom ønskjeleg  

  • Per i dag er det ikkje plikt til legevakt 

  • Samhandling med andre kommunale helsetenester 

Det er per i dag ikkje knytt andre kommunale legeoppgåver til denne fastlegeheimelen. 

Kvalifikasjonar 
  • Norsk autorisasjon som lege 

  • Spesialist i allmennmedisin, eller påbyrja eller ønskje om ALIS-løp 

  • Gjennomført turnusteneste eller LIS1 

  • Gode norskkunnskaparmunnleg og skriftleg 

  • Gyldig politiattest 

Personlege eigenskapar 
  • Fagleg engasjert og pasientorientert 

  • Sjølvstendig og ansvarsmedviten 

  • Gode samarbeidsevner 

  • Interesse for kontinuerleg fagleg utvikling 

Personlege eigenskapar vil bli lagde særleg vekt på. 

Vi tilbyr 
  • Ein etablert og veldriven fastlegepraksis 

  • Gode innteningsmoglegheiter 

  • Føreseielege rammevilkår 

  • Eit godt arbeidsmiljø med låg terskel for kollegial støtte 

  • Gode høve til fagleg utvikling og spesialisering 

Søknad og kontakt 

Søknad vert sendt elektronisk. 

For nærare informasjon, ta kontakt med: 

  • Stig Guntveit, heimelsinnehavar 
    Telefon: 48 60 24 61 

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.