• Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    23.04.2026
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6591810
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
Vacancy

Øygarden kommune

Ledig fast 60% nattevaktstilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Om avdelinga

Lyngheia bufellesskap er eit bufellestiltak med seks personar som bur i eigne bueiningar. Bebuarane har varierande hjelpebehov og ulike diagnosar. Målet vårt er å bidra til at kvar enkelt bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, der trivsel, sjølvråderett og meistring står i fokus.

Vi er ei tverrfagleg personalgruppe beståande av vernepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pleiemedarbeidarar. Lyngheia bufellesskap ligg sentralt i Straume-området, nær offentleg transport og kommunedelsenter.

 

Arbeidsoppgåver

Målretta miljøarbeid, rettleiing, praktisk bistand og helsehjelp.

Dokumentasjon i fagjournal.

Tilrettelegging og koordinering av tenesta.

Handtering av medisin etter gjeve løyve.

Arbeid med autismevenleg tilnærming.

Kjennskap til tvangsvedtak i tråd med helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.

Kvalifikasjonar

Helsefagarbeidar. Anna relevant utdanning kan vurderast.

God kjennskap og/eller erfaring med arbeid med personar med autismespekterforstyrringar.

Kunnskap om helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.

Medisinløyve – kompetanse til å dele ut klargjord medisin.

Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Ønskjeleg med

Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

Evne til samarbeid, men òg til å jobbe sjølvstendig.

Bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Evne til nytenking og utvikling av tenesta.

Engasjert i fagleg utvikling og interesse for brukargruppa.

Gode relasjonelle ferdigheiter.

Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagde.

Anna

Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.

Nattevakter på 10 timar. Vakta kan bli forlenga i samband med to nattevaktsmøte i året.

16 arbeidshelger per år.

Helsefagarbeidar som går natt, får eit ubekvemstillegg på 10 000 kr ( justert etter st. %)

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø.
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer.
  • Ein gjevande og meiningsfull jobb.
  • Varierte og interessante utfordringar.
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån.

Stillinga er ledig no.

 

Kontakt

Fredrik Degerman, avdelingsleiar Lyngheia – mobil: 488 60 948

Kristin Straume, einingsleiar MMNF – mobil: 997 99 526

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    23.04.2026
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6591810
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune