• Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    22.03.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6551916
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune
Ledigt jobb

Fjaler kommune

Ledig årsvikariat som pedagog på Dingemoen skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi treng ein pedagog til tilrettelagt opplæring ved Dingemoen skule. Om du har erfaring med miljøterapeutisk arbeid er det ein fordel.

Grip sjansen og bli med på laget!

Dingemoen skule i Fjaler kommune har ledig eit årsvikariat, med moglegheit for forlenging, i 100 % stilling. Vi søkjer ein trygg og engasjert pedagog med brei fagleg tyngde, og gjerne med erfaring frå særskilt tilrettelagt opplæring, med oppstart 1. mai 2026.

Arbeidsoppgåver
  • fagleg planlegging, gjennomføring og evaluering av opplæringa/undervisning
  • koordinering og oppfølging av personalressursar og fagleg rettleiing av andre tilsette
  • tett samarbeid med føresette
  • samarbeid med interne og eksterne instansar
  • aktiv deltaking i arbeidet med trygt og godt skulemiljø og inkluderande praksis
  • kontaktlæraransvar kan vere aktuelt
Kvalifikasjonar
  • Grunnskulelærar 1-7 eller 5-10. Andre med godkjend pedagogisk utdanning kan òg
  • søkje.
  • Gode kunnskapar, både fagleg og didaktisk. Gjerne erfaring frå nye varierte
  • arbeidsmetodar og skuleutvikling.
  • Tydeleg fokus på trygt og godt skulemiljø, tilpassa opplæring og inkluderande praksis.
  • Kunne bidra aktivt i fagleg utviklingsarbeid i ein travel kvardag.
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring frå tilpassa opplæring og/eller arbeid i særskilt organiserte tiltak er ein fordel.
  • Erfaring med miljøterapeutisk arbeid er det ein fordel.
Personlege eigenskapar
  • høg relasjonskompetanse og evne til å skape tillit
  • strukturert og har god administrativ forståing
  • sjølvstendig og løysingsorientert
  • evne til å planlegge, gjennomføre og vurdere variert opplæring
  • gode samarbeidsevner, initiativrik og fleksibel

Det blir lagt stor vekt på om ein er personleg eigna for stillinga

Vi tilbyr
  • løn etter utdanning og ansiennitet
  • kontaktlærarar får eit tillegg på kroner 34.000 per år
  • redusert undervisningsplikt for nyutdanna
  • noregs beste pensjonsordning i SPK
  • godt arbeidsmiljø og hyggelege kollegaer
  • mentorordning for nyutdanna
  • kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader. 


Ta gjerne kontakt for å få meir informasjon om stillinga og arbeidsplassen.

Vi ser fram til å høyre frå deg. 

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å verte  unntatt offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.

Merk at tilsetjing føreset godkjend politiattest.

 

 

  • Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    22.03.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6551916
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune