Company
Fjaler kommuneApplication deadline
14.07.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5778124Look here for other jobs from Fjaler kommune
Fjaler kommune
Ledig 100 % vikariat for lærar eller fagarbeidar på Våge skule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledig eit 100 % vikariat som lærar eller fagarbeidar for skuleåret 2024/25 på Våge skule.
Våge skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule, vi er 18 tilsette med god spreiing i alder og kjønnsfordeling. Det er omlag 40 elevar, på skulen, barneskulen er todelt og ungdomssteget todelt.
Elevane våre kjenner vi godt. Dei vert sett og møtt kvar dag av trygge, kjende vaksne. Vi knyter nærsamfunnet vårt til oss i store deler av undervisninga og skulen har eigen båt. Elevane våre får mellom anna delta i hjortejakt, besøkje fiskeoppdrett og lære om landbruk, industri, sjøen, fjellet og skogen.
Skulen ligg i vakre omgjevnader fint til ytst i Fjaler og er sjølve «hjartet» i bygda og staden der både barn, unge og resten av bygdefolket samlast til trening på kunstgrasbana, sandvolleyballbana, i treningsrommet, på skytebana eller i klatreparken, men også til fest, basarar, møteverksemd og andre arrangement. Det er eit godt samarbeid mellom skulen og dei ulike næringane i bygda vår. Ny barnehage er bygd tett attmed skulen.
Høyrest dette interessant du? Ta gjerne kontakt for å få meir informasjon om stillinga og arbeidsplassen. Vi ser fram til å høyre frå deg.
- Grunnskulelærar eller anna godkjend pedagogisk utdanning
- Du som er fagarbeidar eller har relevant erfaring vil og bli vurdert
- Gjerne erfaring frå nye varierte arbeidsmetodar og skuleutvikling
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest
- Evne til å planlegge, gjennomføre og vurdere ulike opplæringstilbod for elevane
- Gode samarbeidsevner, vere initiativrik og fleksibel
- Evne til å setje seg inn i og endre praksis i tråd med fagfornyinga
- Kunne delta i fagleg utviklingsarbeid i ein travel kvardag
Det blir lagt vekt på om ein er personleg eigna for stillingane.
- Løn etter utdanning og ansiennitet
- Redusert undervisningsplikt for nyutdanna
- Noregs beste pensjonsordning i SPK/KLP
- Godt arbeidsmiljø og hyggelege kollegaer
- Mentorordning for nyutdanna
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.
Company
Fjaler kommuneApplication deadline
14.07.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5778124Look here for other jobs from Fjaler kommune
-
Lærarar til Våge skule og Flekke skule - to 100 % faste stillingar
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Miljørettleiar/fagarbeidar
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Lærar
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Vi treng fleire folk!
Ål Kommune
ÅL -
Ledig to faste stillingar som pedagogisk leiar i Flekke barnehage og Våge barnehage
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD