• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    14.07.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5778124
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Ledig stilling

Fjaler kommune

Ledig 100 % vikariat for lærar eller fagarbeidar på Våge skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig eit 100 % vikariat som lærar eller fagarbeidar for skuleåret 2024/25 på Våge skule.  

Våge skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule, vi er 18 tilsette med god spreiing i alder og kjønnsfordeling. Det er omlag 40 elevar, på skulen, barneskulen er todelt og ungdomssteget todelt. 

Elevane våre kjenner vi godt. Dei vert sett og møtt kvar dag av trygge, kjende vaksne. Vi knyter nærsamfunnet vårt til oss i store deler av undervisninga og skulen har eigen båt. Elevane våre får mellom anna delta i hjortejakt, besøkje fiskeoppdrett og lære om landbruk, industri, sjøen, fjellet og skogen.

Skulen ligg i vakre omgjevnader fint til ytst i Fjaler og er sjølve «hjartet» i bygda og staden der både barn, unge og resten av bygdefolket samlast til trening på kunstgrasbana, sandvolleyballbana, i treningsrommet, på skytebana eller i klatreparken, men også til fest, basarar, møteverksemd og andre arrangement. Det er eit godt samarbeid mellom skulen og dei ulike næringane i bygda vår. Ny barnehage er bygd tett attmed skulen.

Høyrest dette interessant du? Ta gjerne kontakt for å få meir informasjon om stillinga og arbeidsplassen. Vi ser fram til å høyre frå deg.

Kvalifikasjonar
  • Grunnskulelærar eller anna godkjend pedagogisk utdanning 
  • Du som er fagarbeidar eller har relevant erfaring vil og bli vurdert 
  • Gjerne erfaring frå nye varierte arbeidsmetodar og skuleutvikling
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest

Personlege eigenskapar
  • Evne til å planlegge, gjennomføre og vurdere ulike opplæringstilbod for elevane
  • Gode samarbeidsevner, vere initiativrik og fleksibel
  • Evne til å setje seg inn i og endre praksis i tråd med fagfornyinga
  • Kunne delta i fagleg utviklingsarbeid i ein travel kvardag

Det blir lagt vekt på om ein er personleg eigna for stillingane. 

Vi tilbyr
  • Løn etter utdanning og ansiennitet
  • Redusert undervisningsplikt for nyutdanna
  • Noregs beste pensjonsordning i SPK/KLP
  • Godt arbeidsmiljø og hyggelege kollegaer
  • Mentorordning for nyutdanna

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.

 

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    14.07.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5778124
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune