Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
15.03.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6546040Se här för andra jobb från Øygarden kommune
Øygarden kommune
Landsbyrettleiar fosterbarn 100% vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vere med og styrke innsatsen for barn i fosterheim? Øygarden kommune søkjer ein engasjert og kompetent fagperson som ønskjer å arbeide med barn i fosterheim og deira landsby.
Stillinga er eit 100% vikariat ut januar 2027.
Med utgangspunkt i ordtaket «It takes a village to raise a child» har Øygarden utvikla ein modell for oppfølging av barn, unge og familiar; Landsbymodellen. Modellen bygger på eit systemisk tankesett med eit spesielt fokus på kommunikasjon og samarbeid rundt barna og alle dei vaksne, både private og profesjonelle relasjonar, rundt dei. Barna og deira nærmaste, treng kloke menneske som jobbar for at heile landsbyen kring kvart barn fungerer best mogleg.
Vi søker etter deg som er fagleg trygg og samstundes nysgjerrig, nytenkande og relasjonelt modig. Du må like høgt tempo, koordinering og trivast med å rettleie.
Som landsbyrettleiar skal du følgje opp barn som bur i fosterheim etter Landsbymodellen. Du vil arbeide inn mot barna og viktige personar i landsbyen deira som fosterforeldre, foreldre, anna nettverk, skule og/barnehage, helse o.l.
Du vil arbeide i tett samarbeid med rettleiarteamet kring barn som bur i fosterheim og barnevernstenesta si omsorgsavdeling.
Stillinga er ein del av eit team i Familiehjelpa, og du vil samarbeide nært med både interne kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar.
Arbeidsoppgåver:- Oppfølging av barn i fosterheim etter landsbymodellen
- Samarbeid med barnevernstenesta
- Rapportering og dokumentasjon
- Støtte og rettleiing til føresette
- Tverrfagleg samarbeid i og utanfor kommunen
- Kurs og grupper for foreldre og fosterforeldre
- Helse eller sosialfagleg bachelorgrad, anna relevant bachelorgrad kan vurderast
- Erfaring frå arbeid med barn, familiar og tverrfagleg samarbeid
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Vidareutdanning innan familieterapi eller liknande
- Erfaring med og kjennskap til barnevernet sitt arbeid.
- Jobbar sjølvstendig og i team
- Gjev rettleiing individuelt og i grupper
- Tar i mot fagleg rettleiing
- Har kompetanse/erfaring innan sentrale fagområde som til dømes tilknytning, traume, sorg og tap
- Er komfortabel med arbeid i feltet og i heimar
Personlege eigenskapar vektast høgt
Vi tilbyr :- Eit fagleg og engasjert arbeidsmiljø
- Tilhøyring i rettleiarteam
- Fagleg rettleiing/oppfølging
- Tett samskaping med barneverntenesta si omsorgsavdeling
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
15.03.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6546040Se här för andra jobb från Øygarden kommune