Ledigt jobb

Øygarden kommune

Lærlingar i Byggdriftarfaget

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

I Øygarden kommune har vi trygge og gode arbeidsstader. Lærlingane våre får variert og god opplæring, dyktige rettleiarar, nettverksmøte og fagdagar.
Arbeidsoppgåver:

  • Drift og vedlikehald av bygningar og tekniske installasjonar.
  • Utføre enklere reparasjoner og forebyggende vedlikehold.
  • Energioptimalisering og miljøtiltak.
Læretid

Læretida er tre års opplæring i bedrift, kor eit år er verdiskaping.

Kvalifikasjonar:
  • Fullført og godkjent Vg1 Bygg- og anleggsteknikk, elektro eller tilsvarende.
  • Praktisk anlagt og interessert i tekniske løysningar.
  • Sjølvstendig, men samtidig god på samarbeid.
  • Ansvarsfull, påliteleg og har stå-på-vilje.
  • Ønsker å lære og utvikle seg innen byggdriftarfaget.
Personlege eigenskapar:
  • Gode samarbeidsevner
  • Initiativrik
  • Open og ærleg
  • Pliktoppfyllande
  • Motivert og engasjert i faget
  • Sjølvstendig
Lærling i Øygarden? - Øygarden kommune

Les meir om faget her: https://www.udir.no/lk20/bdr03-02

Kontaktperson:

Ivan Nakken mail:  ivan.nakken@oygarden.kommune.no

Linda Haugstad mail: linda.haugstad@oygarden.kommune.no


Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.