Ledigt jobb

Øygarden kommune

Lærlingar i Brannforebyggjarfaget

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

I Øygarden kommune har vi trygge og gode arbeidsstader. Lærlingane våre får variert og god opplæring, dyktige rettleiarar, nettverksmøte og fagdagar.
Arbeidsoppgåver:

  • Førebyggjande brannvern
  • Tilsyn og kontroll av fyringsanlegg
  • Informasjonsarbeid vedrørande fyringsteknikk og brannførebyggjande tiltak
  • Feiing av skorsteinar, røykkanalar og eldstader
  • Avgrensing av skader etter brann
Læretid
  • Læretida er tre års opplæring i bedrift, kor eit år er verdiskaping.
  • Opplæring er i Øygarden brann og redning, derav 17 veker på  Norges Brann- og redningskule.
Kvalifikasjonar:
  • Fullført og godkjent Vg1, Bygg- og anleggsteknikk
  • Det er krav om politiattest
Personlege eigenskapar:
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Løysingsorientert
  • Sosial
  • Pliktoppfyllande
  • Motivert og engasjert i faget
  • Sjølvstendig
  • Initiativrik
  • Du må kunne arbeide planmessig og strukturert, og ha eit godt handlag.
Lærling i Øygarden? - Øygarden kommune

Les meir om faget her: https://www.udir.no/lk20/bfb03-01

Kontaktperson:

Leif Reithaug mail: Leif.Reithaug@oygarden.kommune.no

Linda Haugstad mail: linda.haugstad@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.