Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Hustadvika kommune

Lærer - 50% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Frå 01.08.20 har vi ledig 50% fast lærerstilling ved Fræna ungdomsskole. Søkjar må ha undervisningskompetanse i fleire fag, med vekt på basisfaga.

Det kan også bli fleire ledige stillingar.

Skolene i Hustadvika har ITS LEARNING som læringsplattform ,og det er ein fordel å ha kjennskap til dette. Kommunen er også ein HOPP – kommune, som legg vekt på fysisk aktivitet og leik i undervisninga.

Elles er kravet til stillingane vanlege arbeids – og ansvarsoppgåver:
• Undervisning på 8.-10.trinn.
• Kontinuerlig oppfølging av elevane sitt læringsutbytte.
• Systematisk evaluering og utvikling av undervisninga.
• Tett samarbeid med leiinga, kollegaer og føresette.
• Delta i skolen sitt utviklingsarbeid..
• Forpliktande samarbeid på mellom anna team og faggrupper.
• Andre aktuelle arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga; kontaktlærar, teamleiar mm.

Kvalifikasjonar
• Du har relevant høgare pedagogisk utdanning med fagleg fordjupning knytta til dei nye kompetansekrava.
• Du er ein profesjonell yrkesutøvar.
• Du bruker ulike læringsstrategiar og har god kunnskap om korleis ein tilpassar undervisninga.
• Du er raus, engasjert, fleksibel og humørfylt.
• Du har god relasjonskompetanse og er ein tydeleg klasseleiar.
• Du har gode samarbeidsevner og heilskapleg tenking rundt elevane sitt læringsmiljø.
• Du kan ta ei leiarrrolle i eit team eller liknande.
• Du har gode datakunnskapar.
• Det er ein fordel om du har god erfaring frå relevant undervisning på ungdomstrinnet.
• Det er ein fordel om du har erfaring med eksamen og sluttvurdering på 10.trinn.

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi kan tilby
• Eit spanande og utviklande arbeidsfelt
• Ein nyleg renovert skule med romslege og gode spesialrom/klasserom
• Eit triveleg arbeidsmiljø
• God pensjonsordning gjennom KLP
• Løn etter avtale

Vil du vite meir?
Ta kontakt med rektor Ann Margrethe Farstad