Ledig stilling

Øygarden kommune

Lærarstillingar ved barneskulane i Øygarden kommune skuleåret 2025/2026

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Øygarden kommune har 20 grunnskular, fordelt på 16 barneskular og 4 ungdomsskular. I tillegg kjem vaksenopplæringa og morsmålsopplæring/ tospråkleg faglærarar.

Det nye bymiljøet veks fram, med kystkulturen som ein naturleg del. Dette gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein spennande arena for næringslivet. Vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som er oppteken av forbetring, fellesskap og fagkompetanse.

Skulane i Øygarden arbeider målretta for å skape skulekvardagar der elevane opplever meistring og lærelyst, - og samstundes ruste dei til å møta framtidas utfordringar. Utvikling av lærelyst legg til grunn livslang læring. Oppleving av meistring gjev mot til å gå laus på stadig nye utfordringar, fagleg og sosialt.

Dei næraste åra vil Fagfornyinga stå sentralt. Skulane i Øygarden er vi derfor spesielt oppteke av utviklingsområde knytt til vurderingspraksis, djupnelæring, elevinvolvering og inkluderande læringsfellesskap.

Det vert ledig eit uspesifisert avgrensa tal lærarstillingar for fast tilsetting og vikariat, heile stillingar og delstillingar i barneskulane for skuleåret 2025/2026.

 


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning på alle trinn i barneskulen


Kvalifikasjonar

  • Grunnskulelærarutdanning for 1. - 7. trinn eller 5.-10.trinn
  • Allmennlærarutdanning 1. - 10. trinn
  • Førskulelærarutdanning eller barnehagelærarutdanning og minst 60 stp vidareutdanning retta mot undervisning på barnetrinnet eller spesialpedagogiskutdanning
  • Annan godkjent lærarutdanning
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Kompetanse i -og erfaring med digital undervisning

Vi ønskjer oss lærarar som

  • Har eit positivt elevsyn og er oppteken av barn og unges læring og utvikling
  • Vil bidra til eit godt læringsmiljø
  • Kan påta seg kontaktlærarfunksjonen
  • Bruker IKT som et naturleg verktøy i undervisninga, i samarbeid med kollegaer og føresette
  • Er gode klasseleiarar
  • Er fleksible og har gode samarbeidsevne
  • Vil bidra til eit godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt

 

Oversikt over barneskulane i Øygarden kommune:

Bjorøy skule: Barneskule 1-7 og SFO.
Tlf. 55 09 75 80. Rektor Renathe Fagerbakke

Brattholmen skule: Barneskule 1-7 og SFO.
Tlf. 55 09 75 00. Rektor Ingvill Blom.

Foldnes skule: Barneskule 1-7 og SFO.
Tlf. 55 09 69 50. Rektor Ragnhild Magerøy

Hjelteryggen skule med spesialavdeling: Barneskule 1-7 og SFO.
Tlf. 55 09 79 00. Rektor Siri Håland.

Knappskog skule: Barneskule 1-7 med mottaksklasse for elevar med minoritetsspråk på barnestegetog SFO.
Tlf. 55 09 75 50. Rektor Solfrid Kleiven.

Kolltveit skule: Barneskule 1-7 og SFO.
Tlf 996 45 370. Rektor Odd Erik Kjeldstad.

Landro skule: Barneskule 1-7 og SFO.
Tlf. 55 09 78 90. Rektor Anita Vabø.

Rong skule: Barneskule 1-7 og SFO
Tlf. 55 09 79 81. Rektor Ingunn Bente Lie.

Skogsvåg skule: Barneskule 1-7 og SFO
Tel. 56 32 77 30. Rektor Ingrid Bildøy Hestad.

Skålevik skule: Barneskule 1-7 og SFO.
Tlf. 55 09 77 90. Rektor Lisbeth Hjelle.

Spildepollen skule: Barneskule 1-7 og SFO
Tlf. 56 32 77 00. Rektor Linda Selheim.

Stranda skule: Barneskule 1-7 og SFO
Tlf. 56 32 77 40. Rektor Christel L. Brown.

Tjeldstø skule: Barneskule 1-7 og SFO.
Tlf. 56 38 55 00. Christine Taule.

Toftøy skule: Barneskule 1-7 og SFO.
Tlf. 56 38 55 50. Rektor Elisabeth B. Strandtun.

Ulveset skule: Barneskule 1-7 og SFO,
Tlf. 55 09 79 22. Rektor Cecilie Dahl.

Ågotnes skule: Barneskule 1-7 og SFO.
Tlf. 55 09 78 00. Rektor Tore Foldnes.

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.