Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
21.04.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5675444Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 06.04.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Ål Kommune
Lærarstillingar - skulane i Ål
Offentlig forvaltning
Frå 1. august -24 er det ledig faste og mellombelse stillingar for lærarar 1-7. trinn; ved Torpo skule, Nedre-Ål skule og Skattebøl skule. Utlysinga gjeld også for stillingar som blir ledige i løpet av våren. Før opp i søknaden kvar du ønskjer å jobbe dersom du har spesifikke ynskje om arbeidsstad.
Vi søkjer lærarar som brenn for å utvikle praksisnær, spennande og innovativ undervisning i samarbeid med elevar og kollegaer i profesjonelle lærande fellesskap. Ved alle skulane i kommunen er det spesielt behov for lærarar med undervisningskompetanse i faga norsk, matematikk og engelsk. Kompetanse og erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelagt støtte er ønskeleg, i tillegg kompetanse innan norsk som andrespråk. Kontaktlærarfunksjon er aktuell for fleire av stillingane.
Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på praksisnær og leikbasert læring, styrkebasert tankesett, inkluderande praksis og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Dei mindre skulane har også samarbeid om profesjonsfellesskap. Visjonen er at «alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Tett og tidleg på og auka læringsutbytte er sentrale mål. Barn og unge i Ål skal oppleve at teknologien blir brukt på ein sunn, trygg og kreativ måte for å lære, skape og utforske. Ål kommune har ein desentralisert skulestruktur med både små og litt større skular. Frå 8. trinn blir alle elevane samla ved Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ønskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap ved skulane våre.
Kvalifikasjonar
- godkjent undervisningskompetanse jf. opplæringslova § 10-1 og 10-2 og forskrift til opplæringslova kapittel 14, sjå særleg §§ 14-1 til 14-3
- før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse innanfor
- ønskeleg med kompetanse innan spesialpedagogikk
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som:
- brenn for læraryrket og ønsker å bidra til god læring for elevane
- er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
- er positiv, fleksibel og løysingsorientert
- har god digital kompetanse og evne til å vurdere når det er føremålstenleg for elevane å arbeide digitalt
- ønsker å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
- har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap
Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr
- arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø
- rettleiing i to år for nyutdanna lærarar
- engasjerte og dyktige skuleleiarar
- skular som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving
- to-lærarsystem ved fleire av skulane
- miljørettleiarar ved skulane
- hjelp til å finne bustad
- lønn etter gjeldande tariffavtale
- arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Send søknad
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- dei som blir tilsette må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen som søkjar!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
21.04.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5675444Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 06.04.2024