Company
Sula kommuneApplication deadline
28.10.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6030, LANGEVÅG
SULA
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6734616Look here for other jobs from Sula kommune
Sula kommune
Lærarstilling - tidsavgrensa
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sula kommune er ei framtidsretta kommune som ligg sentralt plassert like utanfor Ålesund. Her er vi tett på storbyen, men likevel med nærleik til fjord, fjell og gode oppvekstvilkår. Sula kommune er ein nynorskkommune.
Sula ungdomsskule er den einaste ungdomsskulen i kommunen og er plassert i Langevåg, tett på kommuneleiinga. Dette skuleåret har vi om lag 420 elevar og 60 tilsette. Vi er ein MOT-skule som set mennesket i sentrum og har med oss lokalsamfunnet på laget. Visjonen vår er "aktiv og inkluderande ", der innovasjon og nyskaping går hand i hand med trivsel, tryggleik og meistringstru. Sula ungdomsskule er sertifisert som dysleksivenleg. Som BTI kommune har skulen eit nært og godt tverrfagleg samarbeid med andre viktige faginstansar.
Grunna permisjon har vi i tidsrommet medio november og ut skuleåret 2026/2027 ledig ei 100% stilling ved skulen. Vi søkjer ein engasjert og dyktig lærar. Du vil vere ein del av eit profesjonsfellesskap som arbeider for å gje elevane best mogleg læring og utvikling.
Kvalifikasjoner:
Den som blir tilsett må meistre norsk skriftleg og munnleg. Søkjar må også kunne nytte nynorsk.
Søkjarar må ha undervisningskompetanse for ungdomstrinnet. Norsk, KRLE og mat og helse er ønskjeleg.
Erfaring frå undervisning på ungdomstrinnet er ein fordel.
Søkjar må kunne nytte digitale verktøy.
Personlige egenskaper:
Vi søkjer deg som har god relasjonskompetanse og kan bygge gode læringsmiljø i tett samarbeid på team.
Du har evne til å organisere undervisning og aktivitetar på ein strukturert og forutsigbar måte til det beste for elevane.
Vi søkjer deg som er glad i å samarbeide, er kreativ og løysingsorientert og som likar å utvikle profesjonen din.
Du er ein tydeleg klasseleiar og trivst i lag med ungdom. Du må vere interessert i elevane, både i fagleg og personleg utvikling.
Du er ein relasjonsbyggjar og har eit genuint ønskje om å utgjere ein positiv forskjell for elevane.
Som lærar i ein hektisk kvardag, er du fleksibel og handterer utfordringar og stress som måtte dukke opp.
God kommunikasjonsdugleik er viktig, både skriftleg og munnleg.
Vi tilbyr:
Vi tilbyr eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø med gode føresetnader for fagleg og personleg utvikling.
Du vil få engasjerte, støttande og profesjonelle kollegaer.
Vi samarbeider tett om fag og elevar, med mellom anna to kontaktlærarar per klasse og tett og forpliktande fagsamarbeid på trinn.
Skulen har stort fokus på elevane si faglege og sosiale utvikling, læringsutbytte, vurdering, klasseleiing og profesjonsutvikling.
Lønn og arbeidsforhold etter gjeldande lov og regelverk.
Company
Sula kommuneApplication deadline
28.10.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6030, LANGEVÅG
SULA
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6734616Look here for other jobs from Sula kommune
-
Fast stilling 50 % i SFO
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Tilkallingsvikar skuleåret 2026/2027 Langevåg skule og SFO
Sula kommune
LANGEVÅG -
Logoped/PP-rådgjevar – 100 % vikariat
Øygarden kommune
Straume -
100 % fast undervisningsstilling - Helland barneskule
Vestnes kommune
VESTNES -
Avdelingsleiar SFO - Ytre Arna skule
Bergen kommune
BERGEN