Företag
Sula kommuneAnsökningstiden
18.03.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6540669Se här för andra jobb från Sula kommune
Sula kommune
Lærarstilling - fast/tidsavgrensa
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sula kommune er ei framtidsretta kommune som ligg sentralt plassert like utanfor Ålesund. Her er vi tett på storbyen, men likevel med nærleik til fjord, fjell og gode oppvekstvilkår. Sula kommune er ein nynorskkommune.
Sula ungdomsskule er den einaste ungdomsskulen i kommunen og er plassert i Langevåg, tett på kommuneleiinga. Neste skuleår har vi om lag 420 elevar og 60 tilsette. Vi er ein MOT-skule som set mennesket i sentrum og har med oss lokalsamfunnet på laget. Visjonen vår er "aktiv og inkluderande ", der innovasjon og nyskaping går hand i hand med trivsel, tryggleik og meistringstru. Sula ungdomsskule er sertifisert som dysleksivenleg. Som BTI kommune har skulen eit nært og godt tverrfagleg samarbeid med andre viktige faginstansar.
Grunna fråtreding, permisjonar og vidareutdanning har vi komande skuleår behov for inntil 500% stilling som lærar ved skulen. Det er snakk om både faste og tidsavgrensa stillingar. Vi søkjer engasjerte og dyktige lærarar. Du vil vere ein del av eit profesjonsfellesskap som arbeider for å gje elevane best mogleg læring og utvikling.
Kvalifikasjoner:
Den som blir tilsett må meistre norsk skriftleg og munnleg. Søkjar må også kunne nytte nynorsk.
Søkjarar må ha undervisningskompetanse for ungdomstrinnet. Spansk er ønskjeleg, i tillegg til brei fagleg kompetanse.
Erfaring frå undervisning på ungdomstrinnet er ein fordel.
Søkjar må kunne nytte digitale verktøy.
Personlige egenskaper:
Vi søkjer deg som har god relasjonskompetanse og kan bygge gode læringsmiljø i tett samarbeid på team.
Du har evne til å organisere undervisning og aktivitetar på ein strukturert og forutsigbar måte til det beste for elevane.
Vi søkjer deg som er glad i å samarbeide, er kreativ og løysingsorientert og som likar å utvikle profesjonen din.
Du er ein tydeleg klasseleiar og trivst i lag med ungdom. Du må vere interessert i elevane, både i fagleg og personleg utvikling.
Du er ein relasjonsbyggjar og har eit genuint ønskje om å utgjere ein positiv forskjell for elevane.
Som lærar i ein hektisk kvardag, er du fleksibel og handterer utfordringar og stress som måtte dukke opp.
God kommunikasjonsdugleik er viktig, både skriftleg og munnleg.
Vi tilbyr:
Vi tilbyr eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø med gode føresetnader for fagleg og personleg utvikling.
Du vil få engasjerte, støttande og profesjonelle kollegaer.
Vi samarbeider tett om fag og elevar, med mellom anna to kontaktlærarar per klasse og tett og forpliktande fagsamarbeid på trinn.
Skulen har stort fokus på elevane si faglege og sosiale utvikling, læringsutbytte, vurdering, klasseleiing og profesjonsutvikling.
Lønn og arbeidsforhold etter gjeldande lov og regelverk.
Företag
Sula kommuneAnsökningstiden
18.03.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6540669Se här för andra jobb från Sula kommune
-
Lærarvikariat ved Leikanger barneskule
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Lærarstillingar ved Kvåle skule frå hausten 2026
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Avdelingsleiar
Hå kommune
VARHAUG -
Fast lærarstilling ved Norane skule frå 01.08.2026
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Tilkallingsvikar Solevåg skule og SFO
Sula kommune
EIDSNES