Vacancy

Sunnfjord kommune

Lærarjobb i Sunnfjord kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sunnfjordskulen er prega av trivsel, gode faglege resultat og godt profesjonsfagleg samarbeid. Vi har behov for fleire lærarar. 
Som nyutdanna deltar du i eit eige program med andre nyutdanna. Dette er ein glimrande start på arbeidslivet som lærar!

Gode lønsordningar som kjem i tillegg til grunnløna di:
  • kompetansetillegg om du har, eller tek studiepoeng ut over grunnutdanninga
  • høge tillegg om du blir kontaktlærar
  • gode tillegg om du ønsker å søke på funksjonsstillingar
 Vi har ledig mellombelse stillingar ved følgande skular: 
Førde barneskule: 
  • 100 % årsvikariat
  • 40 % årsvikariat 

Fagønske: Mat og helse, naturfag, norsk og spesialpedagogikk. 

Førde ungdomsskule:
  • 200 % årsvikariat
  • 200 % vikariat frå 01.08.2026 - 31.12.2026

Fagønske: norsk og engelsk. Du må kunne vere kontaktlærar.

Naustdal skule: 
  • 360 % årsvikariat
  • 100 % vikariat frå 01.08.2026 - 03.11.2026

Fagønske: begynnaropplæring, basisfag, musikk, mat og helse og spesialpedagogikk. Du må kunne vere kontaktlærar 1. - 7.

Sande skule:
  • inntil 100 % vikariat frå 01.08.2026 - 31.12.2026

Fagønske: kunst og handverk, naturfag og mat og helse. Du må kunne vere kontaktlærar.


Skei skule:
  • 100 % vikariat frå 01.08.2026 - 31.12.2026
  • 180 % vikariat frå 01.08.2026 - 31.07.2027

Fagønske: basisfag, tysk, spesialpedagogikk. Du må kunne vere kontaktlærar.


Slåtten skule:
  • 300 % årsvikariat

Fagønske: begynnaropplæring og kroppsøving. 

Vassenden skule:
  • 100 % årsvikariat 
  • 80 % vikariat frå 01.08.2026 - 28.02.2027
  • 150 % vikariat frå 01.08.2026 - 31.01.2027

Fagønske: basisfag, tysk, spesialpedagogikk, kroppsøving, mat og helse, kunst og handverk, KRLE og samfunnsfag. Du må kunne vere kontaktlærar.

Viksdalen skule:
  • 100 % vikariat frå 01.08.2026 - 31.12.2026.

Fagønske: norsk, matte og kunst og handverk.

 Tilsetjing skjer med atterhald om fortrinnsrett for kvalifiserte søkarar i kommunen, jf. arbeidsmiljølova og gjeldande avtaleverk.

Kvalifikasjonar: 
  • godkjent lærarutdanning
  • gode kunnskapar, både fagleg og didaktisk
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er tydeleg og motiverande i klasseleiing, relasjonsbygging og elevhandtering
  • kan tilpasse opplæringa til det beste for kvar einskild elev
  • har gode kunnskapar i nynorsk og bruk av IKT

Dei som vert tilsett må kunne ta på seg kontaktlæraransvar. 
 

Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju. Vi krev godkjent politiattest av ny dato før start i stilling.

Du finn meir informasjon om skulane på skulane sine nettsider til Sunnfjord kommune. 

Det kan bli fleire ledige stillingar fram mot skulestart på fleire skular. 

Søknad

Du søker elektronisk og prioriterer i søknaden kva skule du søker på. Det er viktig at du legg ved (lastar opp) vitnemål og attestar.

Velkommen som søkar! Vi ser fram til å høyre frå deg.