• Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    21.07.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5798178
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune
  • Uppdaterad 28.06.2024
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Fjaler kommune

Lærarar til Våge skule og Flekke skule - to 100 % faste stillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Hei, vil du bli ein av våre gode lærarar i Flekke eller på Våge?

Vi har no ledig to 100 % faste lærarstillingar i Fjalerskulen.  Vi ser etter grunnskulelærarar til skulane våre i Flekke og på Våge.

Litt om skulane:


Flekke skule: 
Flekke skule ser etter ein ny lærar til mellomtrinnet, då ein av våre mange stabile og erfarne lærarar har søkt nye utfordringar. Skulen ligg inst i Flekkefjorden, om lag ei mil sør for kommunesenteret Dale, og knapt ein times køyring frå Førde. Skulen har 40 elevar neste skuleår, og er tredelt. I tillegg til det som no vert utlyst, har skulen om lag 7 lærarstillingar og 1,5 fagarbeidarstilling. Skulen og barnehagen er samlokaliserte og samarbeider godt, med både planlagde og spontane fellesaktivitetar. Vi er mykje utandørs. Miljøet vårt er roleg og oversiktleg, og vi opplever at barnehagen og skulen er viktige i bygda. Uteområdet vårt er mykje brukt på ettermiddagstid og i helgene.

Våge skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule, vi er 18 tilsette med god spreiing i alder og kjønnsfordeling. Det er omlag 40 elevar på skulen. Barneskulen er todelt og ungdomssteget todelt. Elevane våre kjenner vi godt. Dei vert sett og møtt kvar dag av trygge, kjende vaksne. Vi knyter nærsamfunnet vårt til oss i store deler av undervisninga og skulen har eigen båt. Elevane våre får mellomanna delta i hjortejakt, besøkje fiskeoppdrett og lære om landbruk, industri, sjøen, fjellet og skogen. Skulen ligg i vakre omgjevnader fint til ytst i Fjaler og er sjølve «hjartet» i bygda. Ny Barnehagen er bygd tett attmed skulen. Om du ikkje har utdanning som grunnskulelærar, må du og gjerne søkje, men du vil då ikkje bli vurdert til ein fast stilling.

Høyrest dette interessant ut? Ta gjerne kontakt for å få meir informasjon om stillingane og arbeidsplassane. Vi ser fram til å høyre frå deg.

Kvalifikasjonar
  • Grunnskulelærar 1- 7 eller 5- 10
  • Gjerne erfaring frå nye varierte arbeidsmetodar og skuleutvikling
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest

Personlege eigenskapar
  • Evne til å planlegge, gjennomføre og vurdere ulike opplæringstilbod for elevane
  • Vere ein klår og tydeleg klasseleiar
  • Gode samarbeidsevner, vere initiativrik og fleksibel
  • Evne til å setje seg inn i og endre praksis i tråd med fagfornyinga
  • Kunne delta i fagleg utviklingsarbeid i ein travel kvardag

Det blir lagt vekt på at ein er personleg eigna for stillingane.

Vi tilbyr
  • Løn etter utdanning og ansiennitet
  • Eventuelle kontaktlærarar får eit tillegg på kroner 33.000 per år
  • Redusert undervisningsplikt for nyutdanna
  • Noregs beste pensjonsordning i SPK
  • Godt arbeidsmiljø og hyggelege kollegaer
  • Mentorordning for nyutdanna

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.

 

 

  • Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    21.07.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5798178
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune
  • Uppdaterad 28.06.2024