• Företag
    Hå kommune
  • Ansökningstiden
    15.02.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3376079
  • Se här för andra jobb från Hå kommune
  • Uppdaterad 15.01.2021
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Hå kommune

Lærarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Velkommen som søkjar til skulane i Hå kommune. Me er ein del av Jærskulen og søkjer lærarar som vil vera med på ei spanande framtid der fagleg fokus, læring og utvikling i eit kollegialt fellesskap er målet. Det vil verta ledige stillingar for lærarar i grunnskulen, faste og vikariat, frå 1.8.2021.

I dag har me til saman 9 skular. Me har to skular med berre ungdomstrinn, ein skule med 1. - 4. klasse, ein skule med 5. - 10. klasse, ein skule med 1. - 10. klasse og fire skular med 1. - 7. klasse. Dei fleste skulane ligg i kort avstand til jernbanen.

Hå kommune satsar på ei teknologisk utvikling. Vi har 1:1 løysning med chromebook til elevane, og vi satser på å utvikle digital kompetanse i profesjonsfellesskapet.

Skulane i Hå, Gjesdal, Klepp og Time er del av Jærskulen som er eit framtidsretta skulesamarbeid der me jobbar saman for å utvikla den beste skulen for alle elevane og lærarane våre. Me har eit forpliktande samarbeid fordi oppdraget vårt med å utdanna og danna unge menneske som tek vare på kvarandre og demokratiet vårt i framtida, er så viktig at me må gjera det i lag. Nyutdanna lærarar får rettleiing i 2 år der siste året er i grupper på tvers av skulane på Jæren.

Kvalifikasjonar
Me søkjer grunnskulelærarar som har god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og er dyktige klasseleiarar. Personleg engasjement, kreativitet og utviklingslyst er viktige eigenskapar som vi ønskjer hos våre medarbeidarar. Dersom du vil vera med i utviklinga av innhald, arbeidsmåtar og organisering av skule, er Hå ein spanande kommune å arbeida i. Kommunen har eit omfattande program for kompetanseutvikling og har gode stipendordningar. Søkjarar som ønskjer deltidsstilling må oppgje ønskja stillingsprosent. Ønskje med omsyn til fag og skule kan takast med i søknaden. For meir informasjon: www.ha.no

Attestar og vitnemål
Me ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din.

Politiattest

Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som fremgår av utlysninga, og de til ein kvar tid gjeldande lover, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring på fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og kan tilby flyttegodtgjersle.

 

  • Företag
    Hå kommune
  • Ansökningstiden
    15.02.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3376079
  • Se här för andra jobb från Hå kommune
  • Uppdaterad 15.01.2021