• Company
    Bergen kommune
  • Application deadline
    03.11.2024
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5014, BERGEN
    BERGEN
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5926146
  • Look here for other jobs from Bergen kommune
Vacancy

Bergen kommune

Lærar - Ytre Arna skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bli med oss i team YA våren 2025? Vi treng ein lærar i 100% stilling når ein av våre dyktige kontaktlærarar skal ut i morspermisjon.

Ytre Arna skule er ein barneskule i Arna bydel, og er kun ein kort køyretur unna både Åsane senter og Øyrane torg. Vi har 50 tilsette og om lag 230 elevar, og vi har velkomstklasse for nykomne minoritetsspråklege elevar på 3.-7. steget frå Arna og Åsane. 10 morsmålslærarar har base hos oss, og både tilsette og elevar på YA har eit mangfald av ressursar.

Skulens visjon er: «Trivsel, tryggleik og læring for alle». Satsing på god læring og arbeid for eit trygt og inkluderande miljø for elevar og tilsette blir sterkt vektlagt i skulen og i SFO. Vi ynskjer å lytte til elevane og møte kvarandre med varme, for å gjere læringsarenaene trygge og skape eit godt og lærande skulemiljø. På YA skal både elevar og tilsette oppleve medverking, motivasjon og mestring.

Hos oss blir du del av eit raust og inkluderande personalet, som er opptatt av å gjere kvarandre gode og å utvikle seg saman i profesjonsfellesskapet.

Skulen sitt leiarteam består av rektor og tre avdelingsleiarar, som har nært samarbeid og tett oppfølging av alle våre tilsette.

Skulen har nynorsk og bokmål som opplæringsmål.

Den ledige stillinga skal dekke alle fag på 2.trinn, og har kontaktlærar-ansvar frå tidspunktet læraren går ut i permisjon. Vikariatet er ledig 01.01.25-31.07.25.

Vi er opptekne av å rekruttere medarbeidarar som vil passe inn i vårt verdigrunnlag og vår kontekst, og legg difor stor vekt på personlege eigenskapar.

Kvalifikasjoner:

  • Godkjend lærarutdanning for undervisning, fortrinnsvis 1.-7.trinn
  • Digital kompetanse
  • Erfaring frå undervisning på småtrinnet blir vektlagt
  • Spesialpedagogisk og migrasjonspedagogisk kompetanse er ein fordel
  • God kompetanse i norsk språk. Kompetanse i fleire språk er ein fordel

Personlige egenskaper:

  • Du er ein trygg, varm og tydeleg læringsleiar
  • Du møter alle elevar, kollegaer og føresette med respekt og forståing
  • Du ønsker å legge til rette for leik i skulen, både god frileik og pedagogisk leik
  • Du har gode evner for samarbeid og likar å arbeide i team
  • Du er fagleg engasjert og kreativ.
  • Du er fleksibel og robust.
  • Du bidrar til å oppretthalde eit godt og humørfylt arbeidsmiljø
 

Vi tilbyr:

  • Ein profesjonell og engasjert arbeidsgjevar
  • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Dyktige kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø 
  • IA-bedrift
  • Gode velferdsordningar
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
   

  • Company
    Bergen kommune
  • Application deadline
    03.11.2024
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5014, BERGEN
    BERGEN
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5926146
  • Look here for other jobs from Bergen kommune