• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    09.10.2022
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4782306
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
  • Updated 24.09.2022
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Sogndal kommune

Lærar - vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kaupanger skule ligg i vekstbygda Kaupanger, om lag 10 kilometer frå Sogndal sentrum.   

Kaupanger skule er 1-10-skule med elevar frå 6-16 år. Det er  206 elevar ved skulen. Det er til saman 36 tilsette ved skulen og SFO. 

Skulen i «skogen» er prega av eit godt og inkluderande skulemiljø med positive elevar, føresette og tilsette.  

Me har eit mål om at alle elevane våre har ein god og trygg skulekvardag – kvar dag! 

For meir informasjon om skulen; www.kaupanger.skule.no  

 

Lærarvikariat i 100% stilling frå 01.01.23 - 31.12.23. Kan bli forlenga 

 

Om stillinga 

  • Lærar/spesialpedagog som jobbar tett opp mot einskildelev/-ar. Stillinga er pr no lagt med undervisning på ungdomsteget 

 

Arbeidsoppgåver: 

  • Undervise elevar 

  • Samskape med elevar, føresette og kollegaer 

  • Ha medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk målretta arbeid i skule 

  • Bidra til å skape gode aktivitetar i tråd med skulen sine verdiar. 

  • Delta skapande, vere undrande og nysgjerrig 

  • Bidra til å skape eit læringsmiljø som stimulerer til deltaking, undring og læring 

  • Delta i utviklingsarbeid 

  • Ta imot, og gi rettleiing 

 

Kvalifikasjonar: 

  • Lærarutdanning 

  • Spesialpedagogisk utdanning 

  • Kompetanse innanfor ASK(Alternativ og supplerande kommunikasjon) 

 

Personlege eigenskapar: 

  • Du har erfaring med skule, og med spesialpedagogisk arbeid i skulen 

  • Du likar å vere saman med born/ungdom 

  • Du likar å organisere og gjennomføre 

  • Du er fleksibel, og du er til å stole på 

  • Du tek initiativ 

  • Du handterar ein travel og hektisk arbeidskvardag 

  • Du samarbeidar godt med dine kollegaer 

  • Du har godt humør - og bidreg i eit godt arbeidsmiljø 

 

Me tilbyr: 

  • Spanande jobbar i eit godt arbeidsmiljø. 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Gode velferdsordningar 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  Easy Cruit.

 

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    09.10.2022
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4782306
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
  • Updated 24.09.2022