• Företag
    Gol kommune
  • Ansökningstiden
    07.03.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3444469
  • Se här för andra jobb från Gol kommune
  • Uppdaterad 05.02.2021
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Gol kommune

Lærar ved Gol skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gol skule er ein nybygd, topp moderne 1-10 skule teken i bruk hausten 2016. Skulen har 500 elevar. Det er 95 tilsette,
av dette 66 lærarar. Kulturskulen har tilhald i same bygget.
Skulen er leia av rektor og tre skuleavdelingsleiarar med delegert ansvar; avdelingsleiar småskuletrinn og SFO,
avdelingsleiar mellomtrinn og avdelingsleiar ungdomstrinn med til saman 400% leiarressurs.

Gol skule er ein lærande organisasjon, og skulen er med i det regionale pedagogiske utviklingsarbeidet "Livsmeistring
i eit inkluderande læringsmiljø". Skulen er og med i UDIR sitt prosjekt Inkluderande barnehage og skulemiljø med visjonen «Alle skal med». Det har stor betyding for oss å ha ein inkluderande undervisningspraksis. Skulen legg derfor stor vekt på at lærarane har god kompetanse i å bygge relasjonar til elevane.

Vi søkjer:
• Lærarar for faste stillingar og vikariat skuleåret 2021-2022

Arbeidsoppgåver:
• Undervisning på barnetrinn og/eller ungdomstrinn i samsvar med formell kompetanse

Kvalifikasjonskrav:
• Grunnskulelærar eller faglærar med fordjupning i norsk, matematikk, engelsk, tysk, kroppsøving, kunst- og handverk, naturfag og spes.ped. Vi treng og lærarar med kompetanse innanfor begynneropplæring i lesing, skriving og rekning.

Vi ynskjer at du:
• Kan begeistre og motivere elevar, kollegaer og foreldre, slik at elevane får betre fagleg og sosial framgang
• Meistrar klasseleiing og har evner til å skape gode relasjonar med barn og unge.
• Har fokus på elevane si læring, og arbeider målretta og sjølvstendig
• Er fleksibel og har evne til samarbeid med kollegaer
• Er ein del av eit fellesskap, og ikkje står åleine med ansvaret for læringsresultatet
• Kan dele med, og vil lære av andre
• Er aktivt med i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid
• Er positiv og har godt humør
• Har god evne til skriftleg og munnleg framstilling. I Gol kommune nyttar vi nynorsk som målform

Vi tilbyr:
• Ein skule der elevar trivst
• Eit utviklingsorientert fagmiljø
• Eit godt arbeidsmiljø
• Eit spennande og funksjonelt skulebygg

For stillinga gjeld:
• Kommunale løns- og arbeidsvilkår

Anna:
• Gyldig politiattest må leggas fram
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal blir offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden din.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
• Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

 

  • Företag
    Gol kommune
  • Ansökningstiden
    07.03.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3444469
  • Se här för andra jobb från Gol kommune
  • Uppdaterad 05.02.2021